Stryn vidaregåande skule

Innovasjonscamp 10. og 11.september"Framtidas reiseliv"


Korleis blir det framtidige reiselivet i landet vårt? Reiselivsminister Monica Mæland (H) spør dei unge om råd.
Omlag 300 ungdommar frå grunnskule og vidaregåande skule i Stryn vil delta på innovasjonscampen.
Dersom innspela vert vurdert gode nok, kan dei komme med i den nye Stortingsmeldinga.

Vil ha ungdom sine idear om framtidas reiseliv

Elevar og studentar i Sogn og Fjordane, Troms og Akershus har blitt valt ut til å delta på gründercampar der dei skal utvikle idear om framtidas reiseliv. for vår region. Det er ei vekstnæring og det er flott og unikt at ungdom kan vere med og forme dette, seier ordførar Sven Flo.

” Framtidas reiseliv”

Stryn Kulturhus 10 og 11 september

Program 10. og 11.september

Fellessamling i kinosalen. Gruppene( 5 elevar i kvar) er på førehand sett saman av skulane som deltek.

12.15 Velkommen Holger Aasen, dagleg leiar Ungt Entreprenørskap

Sven Flo, ordførar Stryn Kommune

12.30 Fagforedrag og presentasjon av oppgåva

13.00 Gruppene organiserer seg og tek til med arbeidet på eigen skule.

----------------------------------------------------------------------------------------------------------------

09.00 Refleksjon etter dag ein og planlegging av det vidare arbeid

09.15 Fagforedrag Reisemål Stryn & Nordfjord

09.30 Vidare arbeid med oppgåve

11.30 Kvar gruppe presenterer sitt løysingsforslag/ skulane vel sjøl ut kven som skal gå vidare til finalen i

kulturhuset

13.00 Fellessamling i kulturhuset, vinnarane frå dei einskilde skulane( 6) presenterer frå scena

14.00 Juryen presenterer vinnar/ vinnarar.


Kan kome med i Stortingsmeldinga

Næringsministeren har bede Ungt Entreprenørskap om å bidra med å organisere dei unge sine innspel. Ja, dersom innspela blir vurdert som gode nok vil dei bli tekne med inn i Stortingsmeldinga, seier Holger Aasen i Ungt Entreprenørskap i fylket.

Eg trur dei unge sine tankar og kreativitet er eit viktig bidrag i arbeidet med ein ny reiselivspolitikk, uttalar næringsminister Monica Mæland på Ungt Entreprenørskap sine nettsider.

holger

Holger Aasen frå Ungt Entreprenørskap i Sogn og Fjordane saman med næringssjef i Stryn, Geirmund Dvergsdal, og ordførar Sven Flo.(Foto: Fjordingen)