Stryn vidaregåande skule

Inspirerande arbeidspraksis for elevane på VG2 Helsearbeidarfaget


Elevane er no tilbake på skulebenken etter 2 inspirerande veker i arbeidspraksis på ulike helseinstitusjonar.
Faglærar Anne Terese er glad og stolt over gode tilbakemeldingar frå dei ulike arbeidsgivarane som har hatt elevane i praksis.

Elevane på Helsearbeidarfaget har vore ute i praksis på ulike institusjonar dei to siste vekene. Kombinasjonen mellom teori og praksis på skulen og arbeidsopplæring i helseinstitusjon gir god og motiverande læring for elevane.

ha 14 Sunniva Gjengedal

Stryn vidaregåande skule har gjennom mange år etablert gode gjensidige samarbeidsrelasjonar med ulike helseinstitusjonar. Dette gjenspeglar seg i gode praksisopplevingar for elevane.
I haust har vi hatt samarbeid med Volda Sjukehus for første gong, og det håpar vi å kunne fortsetje med.
Tips ein ven Skriv ut