Stryn vidaregåande skule

Kartleggingsprøver 2014

Kartleggingsprøver 2014
Formålet med kartleggingsprøvene er å undersøkje om det er enkeltelever som treng ekstra oppfølging i ferdigheiter og fag.
Kartleggingsprøveme er ein del av underveisvurderinga.
logo udir

Informasjon til elevar og foreldre om obligatoriske kartleggingsprøver i rekning og lesing for Vg1
Det skal gjennomførast to obligatoriske kartleggingsprøver for alle elevane på Vg1 hausten 2014. Du får denne informasjonen fordi du/ditt barn går på Vg1.
Kva er kartleggingsprøver?
Kartleggingsprøver er eit verktøy som skal brukast av skolen og lærarane for å finne elevar som ikkje har tileigna seg nødvendige ferdigheiter i lesing og rekning frå grunnskolen. Informasjon frå prøvene skal gi skolen og læraren eit betre grunnlag for å setje i verk tiltak på eit tidleg tidspunkt i vidaregåande opplæring og å gi desse elevane ekstra oppfølging. Det er utarbeidd rettleiingsmateriell til lærarane som beskriv korleis resultata frå prøva kan følgjast opp i klasserommet.
Når skal prøva gjennomførast?
Prøvene skal gjennomførast i løpet av veke 34, 35, 36 og 37 (18. august–12. september). Skolen bestemmer sjølv kva for vekedag prøva skal gjennomførast på. Kartleggingsprøva i rekning er ei elektronisk prøve, mens kartleggingsprøver i lesing er på papir. Elevar som er borte frå skolen på prøvedagen, skal få tilbod om å ta prøva seinare.
Kva slags oppgåver skal elevane løyse?
Kartleggingsprøvene i rekning og lesing er prøver i rekning og lesing som grunnleggjande ferdigheiter, og oppgåvene er laga på bakgrunn av læreplanane for 10. steget. Det er altså ikkje ei prøve i faga matematikk eller norsk, men i rekning og lesing som ei integrert ferdigheit i alle fag. Nokre elevar vil klare alle oppgåvene, mens andre vil oppleve nokre oppgåver som vanskelege.
Kven får tilgang til resultata?
Resultata skal først og fremst brukast av lærarane og skolen til å leggje til rette undervisninga for elevar som treng ekstra oppfølging. Skolen skal gi eleven tilbakemelding på prøveresultatet. Dette kan danne utgangspunkt for ein samtale mellom lærarar og elevar i ein tidleg fase av vidaregåande opplæring.
Meir informasjon
Meir informasjon om kartleggingsprøvene finst på Utdanningsdirektoratets nettside
Meir om læreplanverket for Kunnskapsløftet finst på: Læreplanar
Skulen er ansvarleg for å gi informasjon om avviklinga av kartleggingsprøva på din skule.
Med vennleg helsing
Utdanningsdirektoratet
Tips ein ven Skriv ut