Stryn vidaregåande skule

Kjekk og lærerik studietur til Oslo


Elevar og lærarar på VG2 Helsearbeidarfaget har vore til Oslo på studietur.På programmet stod bl.a. besøk på Rikshospitalet, Kirkens Bymisjon og Norsk Teknisk museum.
Les rapporten frå elevane om deira faglege,kulturelle og sosiale opplevingar på neste side.

Rapport frå

Studietur til Oslo

for

2HAA

13.-15.april 2015

Fagleg

Det første besøket vi hadde var hos Kirkens Bymisjon, der vi blant anna fekk høyre om eit tilbod dei har for rusmisbrukarar kalla 24sju. Dette er eit tilbod som er tilgjengeleg døgnet rundt, heilt året. Her møtte vi ein som jobba der som fortalde om tilbodet dei har til menneske som bur på gata og er rusavhengige.

Mål i læreplan frå vg2 helsearbeiderfag:

· H8 Gjere greie for tilbod frivillege organsisasjonar og interesseorganisasjonar gir i nærmiljøet, og drøfte kva dei har å seie for sosiale nettverk og forebygging av isolasjon.

- Kirkens Bymisjon er ein frivillig organisasjon med stateleg støtte. Dette er ein organisasjon som skal nå dei menneska som har falt ut av samfunnet sine velferdsordningar.

· H9 Drøfte samanheng mellom levekår og livskvalitet.

- 24sju gjev tilbod om mat, tak over hovudet om nødvendig, stell av sår eller andre skader og medisinering. Når brukarane får tilbod om dette kan dei få høgare livskvalitet fordi han får dekt nokre av sine grunnleggjande behov.

· Y4 Drøfte kva brukarmedverknad omfattar

- I 24sju var det viktig at dei skulle setje brukaren i sentrum og møte den der den var. Dei var ingen tvang til å bli betre eller å ta imot hjelp, men var deira sitt val og kome og ta imot hjelp. Dei såg på brukarmedverknad som hjelparmedverknad, noko som innebar at det var dei jobba der som skulle tilretteleggje seg for brukaren, og dei var ein liten del av brukar sitt liv.

· K5 Drøfte ulike former for kommunikasjon og gjere greie for korleis kommunikasjon kan fremje tryggleik og tillit.

- I dette tilbodet er det brukaren som tek kontakt. Det er ingen som pressa dei til å endre seg og brukaren skal bestemme sjølv kor fort han vil gå fram. For at dei skal nå fram til brukarane må dei kommunisere på ein god måte slik at brukarane får tillit og blir trygge på tilbodet.

Vi var på besøk på Rikshospitalet. Her var fokuset på behandling og tilbod til barn. Vi møtte ein forskningsjukepleiar, barnesjukepleiar og fritidsleder. Desse fortalde om deira felt og jobben dei gjer.

Mål i læreplan vg2 helsearbeidarfag:

· H2 Gje døme på aktivitetar som fremjar helse, trivsel og livskvalitet.

- På Rikshospitalet har dei ulike aktivitetar og fritidsklubbar der pasientane kan vere og koble av frå sjukdomen. Dette er bra for trivselen og for helsa. Dei gløymer kanskje litt at dei er sjuke og må vere på sjukehus og føler seg som ein ungdom/born.

· K4 Gjere greie for kva eit terapeutisk miljø er, og foreslå verkemiddelet som kan fremje eit godt terapeutisk miljø.

- Miljøet på sjukehuset var gjennomtenkt. Det var bilete på veggane. På barneavdelinga var og bilete i lågare høgde slik at borna kunne sjå rett på bileta.

· K5 Drøfte ulike former for kommunikasjon og gjere greie for korleis kommunikasjon kan fremje tryggleik og tillit.

- Det er viktig å kommunisere slik at borna på avdelingane blir trygge. For ungane er det ukjende omgivnadar og ein må kommunisere slik at dei blir trygge. Eit tiltak dei hadde i forhold til dette var sjukehusklovnar.

· Y3 Diskutere verdien av tverrfagleg samarbeid og gje døme på yrkesgrupper helsefagarbeidaren samarbeider med.

- Der er mange som samarbeider på eit sjukehus. Det er til dømes ulike sjukepleiarar, leiarar, fritidsledar, musikkterapeutar, legar osv.

Vi var og på Norsk teknisk museum. Dette er eit museum for industri, vitenskap, teknologi og medisin. Her fekk vi eit innblikk i korleis helsa til menneska, og helsetenestene var før i tida og korleis det har utvikla seg. Der var og testar ein kunne ta der ein såg blant anna korleis pulsen og reaksjonstida var. Andre ting vi såg var gamle køyretøy, gammal teknologi og mykje anna.

oslo

Det kulturelle

Måndag morgon etter å ha fått i oss frukost og alle var på plass på hotellet bestemte vi oss for å vandre ein tur til Slottet for å få eit innblikk i korleis gardistane jobba. For oss som ikkje er vandt med det var det spennande å sjå samarbeidet mellom gardistane, dette var noko alle blei veldig fasinert av. På veg til slottet fikk vi sett Stortinget og andre kjende bygningar.

Då vi bestemte oss for å ta oss ein kik rundt slottet høyrte vi noko som likna ein aggressiv demonstrasjon, vi såg fleire skotsikre bila på rad og rekke og ei ulande sirene utan stopp, fleire av oss blei veldig skeptisk og redde for kva som venta bak haugen. Ein gjeng bestemte seg for å ta sjangsen på å finne ut kva dette kunne vere slags demonstrasjon. Det som venta oss bak haugen var ein demonstasjon av politibetjentar. Dei hadde delt seg opp der nokon var politi og andre demonstrantar, dei som skulle vere politi var også kledd i skuddsikre kle og hjelmar. Det var og mange politi til hest og fleire politihundar.

Tilslutt kom resten av gjengen og fant også dette interessant, dette er noko vi ikkje er vandt med så vi valde og fylje med på resten av øvelsen for å sjå korleis politiet kan forberede seg om det skulle oppstå ein slik situasjon på ekte.

Vi såg eit mangfald av romerfolk, papirlause, menneske med rusproblem, og menneske med ulike funksjonshemmingar. Det er eit meget internasjonalt miljø i Oslo, vi merka det spesielt godt mens vi satt og åt. Det var alltid mange forskjellige språk rundt oss og i enkelte tilfelle høyrte vi meir utlandssnakk.

Vi la inn Jernbarnetorget som eit kulturelt innslag som ein vandretur etter middagen på kveldstid. Det var ein faglig baktanke med det, for å sjå litt av målgruppa som nytta tilbodet frå Kirkens Bymisjon som vi skulle få høyre om neste dag. Vi såg ikkje så mykje når vi gjekk gjennom Jernbanetorget, men vi såg meir ifrå hotellvindauget då vi kom til hotellet igjen. Blant anna prostituerte som stod klare og venta. Det var ikkje noko spesielt som skjedde dei to kveldane, men det var spennande å sjå korleis dei tok opp kontakt med andre menn, og korleis dei prostituerte avviste nokre menn. Dei fleste prostituerte er nigerianske, rumenske og bulgarske, det er desse som har tatt over sex markedet i Oslo.

Når vi var ute og gjekk såg vi ein stor del menneske som synlig hadde rusproblem. Nokon såg ut til å sove på gata, på dagtid satt dei og tigga penger. Vi såg også tydeleg tiggarar som ikkje hadde rusproblem som satt gatelangs og var i pengenød. Dette er eit heilt anna miljø enn det vi er vandt til i Stryn.

oslo

Vi var også på vandring på Aker brygge, der bygningane og arkitekturen var ny. Vi såg litt på båtar og bygningane. Dei har bygd opp eit moderne miljø på ein koseleg måte der ein føle seg velkommen, og så er det eit samla og tryggare miljø der enn mange andre plassar i Oslo. Aker brygge er ein plass der ein merkar forskjell på folka, at rikdommen overgår det Karl Johan har å by på.

Det sosiale
Vi kom til Oslo tidlig måndag morgon, da gjekk vi til hotellet og la frå oss bagasjen og åt ein felles frukost. Alle frukostane var samla, og det var rom for å vere sosial alle i lag.
Seinare på dagen gjekk vi samla i lag gjennom Karl Johan og opp til slottet. Deretter delte vi oss i grupper og gjekk på shopping. Kl 20.00 møttest vi på hotellet og gjekk i lag bort til resturanten, Egon. Der åt vi alle middag og hadde ei hyggeleg stund i lag.

På kvelden når vi var tilbake på hotellet, ville nokon legge seg medan andre samlast på eit hotellrom og såg TV og prata, nokon var også ned på treningsrommet og trente i lag. Dette gjaldt begge dagane.

Tirsdag var programmet fult. Vi var på 24sju og Teknisk museum. På kvelden prøvde vi ein ny restaurant, etter eit forslag frå ein elev. Alle var samstemde om dette. Det var ein litt annan type mat enn det vi er vande med. Men alle var open for å prøve noko nytt. Vi satt i lag på langbord og stemninga var god. Det var god service og vi vart tatt godt i mot av betjeninga.
På veg heim til hotellet gjekk klassen i lag ned til Aker brygge og såg oss rundt før vi tok turen tilbake til hotellet. Onsdag reiste vi heim. Vi hadde ikkje noko spesiell tid til anna enn eit besøk på Rikshospitalet. Men bussturen heim igjen var sosial. Klassen satt samla bakerst i bussen og prata og hadde det kjekt heile turen heim.

oslo

Noko som var ei utfordring var at alle ikkje var samstemde heile tida. Vi er forskjellige menneske med forskjellige interesser og meiningar. Vi må respektere, tolerere og vere raus for andre sine meiningar og andre sin bakgrunnar. I forhold til den generelle delen av læreplanen, er det å gå i skule viktig for å bli eit samarbeidande og inkluderande menneske.

Men alt i alt har dette vore ein kjekk og sosial klassetur. Alle har kosa seg og stemninga har vore bra igjennom heile turen. Det har vore bra for klassemiljøet å få lære å kjenne kvarandre på ein annan måte enn i klasserommet.