Stryn vidaregåande skule

Konferanse om heilskapleg fag- og yrkesopplæringSkei Hotell 6. februar


Yrkesopplæring fram mot fagbrev er eit samarbeid mellom skule og næringsliv, der hovudmodellen er to år i skule og deretter to år i bedrift som lærling.
Godt samarbeid mellom skule og bedrift vil vere med å sikre kvaliteten i opplæringa, auke gjennomføringa i vidaregåande opplæring og bidra til auka rekruttering til yrkesfaga.
Samarbeid mellom skule og næringsliv er nøkkelord når det gjeld yrkesopplæring. Dette er tema for den store yrkesfaglege konferansen på Skei 6. februar.

Erfaringar og vegen vidare
Fylkeskommunen har i fleire år organisert såkalla yrkesfaglege nettverk, der faglærarar ved dei vidaregåande skulane og representantar frå bedrifter/organisasjonar møtest. Målet med konferansen er først og fremst å spreie erfaringar mellom nettverka.

På konferansen på Skei får vi høyre fagnettverk frå både eige fylke og frå Rogaland fortelje om korleis dei samarbeider. Vi får sjå kva dei har oppnådd, og kva konkret dei vil samarbeide vidare om. Eit anna tema er korleis gjere fellesfaga (som norsk og matematikk) i dei yrkesfaglege utdanningsprogramma meir relevante og retta mot yrket elevane har valt.

Konferansen vert avslutta med ein paneldebatt.

Tid: 6. februar kl. 09.30–15.15
Stad: Skei Hotel
Målgrupper: medlemmar i dei yrkesfaglege nettverka, rektorar, opplæringskontor, fagopplæringsnemnda, hovudutvalet for opplæring, høgskulen, fagskulen, bedrifter og andre samarbeidspartar.

Påmelding: til knut.grinde@sfj.no seinast fredag 24. januar.

Invitasjon med programmet for konferansen.

For meir informasjon
Knut Grinde
tlf. 57 65 62 17
e-post: knut.grinde@sfj.no

Publisert av: Birthe Johanne Finstad
Dato: 14. januar 2014 - kl. 11:56
Tips ein ven Skriv ut