Stryn vidaregåande skule/Opplæringstilbod/Service og samferdsel/Dei ulike yrka/Kontor- og administrasjonsfaget

Kontor- og administrasjonsmedarbeidar med fagbrev

Aktuelle arbeidsstader

Kontor- og administrasjonsmedarbeidarar jobbar i offentlege verksemder, i bibliotek og informasjonssenter og i private bedrifter.

Sentrale arbeidsoppgåver

Sentrale arbeidsområde er

  • service, kundebehandling og rettleiing
  • skriftleg og munnleg informasjonsformidling
  • kunnskapsorganisering og –flyt i dokument- og informasjonsbehandling
  • innkjøp, budsjett-, reknskaps- og lønsarbeid
  • kontorstøtte-, administrasjons- og saksbehandlingssystem
  • bruk og vedlikehald av kontorteknologiske hjelpemiddel

Personlege eigenskapar

Ein kontor- og administrasjonsmedarbeidar må kunne arbeide planmessig, systematisk, rasjonelt og effektivt. Det er viktig med god skriftleg og munnleg framstilling både i norsk og framandspråk, og du må kunne yte god service overfor kundane.

Tips ein ven Skriv ut