Bad Taste 2019

Korleis har ungdomen i Vestland det?

Vidaregåande skular og ungdomsskular i fylket skal dei neste vekene delta på Ungdata-undersøkinga 2021 for å få eit bilde av korleis det står til med ungdomen.

Undersøkinga er ei moglegheit for barn og unge å fortelje korleis dei har det, og kva dei driv med på fritida. Her vil vi blant anna få svar på kor mange som kjenner seg einsame, om dei trivst eller mistrivst, og om dei har nokon å snakke med om vanskelege ting.

Kan setje i gang spesifikke tiltak

Bjørn Lyngedal, fylkesdirektør for opplæring og kompetanse, oppmodar alle om å delta i undersøkinga, for at vi skal få eit godt bilde av korleis ungdomen i Vestland har det.

– Når vi får meir kunnskap om trivsel, oppvekst og levekår hjå ungdomen vår, så kan vi setje i gang meir spesifikke tiltak for ulike gruppe og i ulike regionar. Trivsel og det å høyre til for ungdom er ein av ti utfordringar fylkestinget har lista ut i utviklingsplanen for fylket, seier Lyngedal.

Korona eige tema

Helsedirektoratet finansierer Ungdata-undersøkinga. Velferdsforskingsinstituttet NOVA ved OsloMet er ansvarleg for gjennomføringa i samarbeid med dei regionale kompetansefelta innan rusfelta – KoRus. Undersøkinga blir i år for første gong gjennomført som ei fylkesundersøking for kommunar i heile Vestland. NOVA legg opp til at det skal gjennomførast slike undersøkingar kvart tredje år.

For å gjere årets undersøking meir relevant, har dei lagt inn nokre koronabaserte spørsmål.

– Dette er jo noko heilt nytt, noko vi ikkje har levd med tidlegare. Difor blir det særleg interessant å sjå korleis ungdom har opplevd pandemien det siste året, seier Lyngedal.

Gjennomfører på skulen

Ungdata-undersøkinga går føre seg på skulen, for å sikre at barn og unge får relevant informasjon, og at undersøkinga blir gjennomført likt overalt. Det gjer også at elevar som treng å snakke med ein vaksen undervegs i eller etter undersøkinga, har høve til det anten ved å snakke med ein lærar eller ta kontakt med skulehelsetenesta.

Meir om Ungdata-undersøkinga 2021 på ungdata.no.