Aktivitetsdag  Foto: Stryn vidaregåande skule

Aktivitetsdag Foto: Stryn vidaregåande skule

Kreativ aktivitetsdagar via Teams

Kreative dagar for elevane på studiespesialiserande der "Kompani Bruvoll", beachvolleyball, zumba, styrketrening og leikar stod på programmet.

Elevane skulle dokumentere med bilde og film via Teams frå ulike postar og oppgåver. Svært vellykka etter ei lang periode med korona som hovudfokus.

Elevane skulle finne 8 postar ute i terrenget og dei skulle løyse oppgåvene på dei ulike postane. Løysinga skulle dei sende på Teams til lærarane med bilde og film som bevis på at dei hadde klart oppdraga. Etter å ha løyst eit oppdrag så fekk dei ein boksta...v. 11 bokstavar skulle til slutt setjast saman til eit løysingsord. Laget som først kom fram til ordet fekk fem poeng. I tillegg fekk dei poeng for å finne postane, og for å ha rett svar/best resultat på dei ulike oppdraga ute på postane. Vinnarane fekk sjølvsagt premie i form av gåvekort i kantina på Stryn vgs. Kjekke dagar som elevar og lærarar sette stor pris på etter ein lang periode med korona som hovudfokus.