Stryn vidaregåande skule

Lån e-bok til påske


Frå 10. april kan du låne e-bøker frå biblioteka i Sogn og Fjordane.
Alt du treng er ein app på nettbrettet eller smarttelefonen, og den er til og med gratis.

Så enkelt er det:
Last ned appen E-bokbib frå Google Play (Android) eller iTunes (IOS), logg deg på med lånenummer og pin-kode, søk etter bøker og lån eller reserver. Om det er eit ledig eksemplar av boka og du låner den så lastar du den ned til appen. Der vert den liggande i 14 dagar, med mindre du leverer den tilbake før.

E-boklansering

Torsdag 10. april kunne fylkesbiblioteksjef Siri Ingvaldsen stolt presentere den nye e-bokløysinga for Sogn og Fjordane. I tillegg til fylkesbiblioteket er alle folkebiblioteka og dei vidaregåande skulane med på dette fellesprosjektet. Både Jan Olav Fretland frå hovudutvalet for kultur og Jarle Aarvoll, ordførar i Sogndal rosa tiltaket under lanseringa på Sogndal bibliotek.

Meir tilgjengeleg

Det er fleire grunnar til at biblioteka i fylket har jobba for å få på plass ei e-bokløysing. Fylkesbiblioteksjef Ingvaldsen understrekar at bøkene vert enno meir tilgjengelege fordi ein alltid har med seg mobilen eller nettbrettet. No kan ein ta fram boka og lese når som helst og kvar som helst.
Det at ein kan sitje heime i stova og låne og laste ned bøker frå biblioteket gjer også at sjølve biblioteket vert meir tilgjengeleg for publikum. Dette er spesielt viktig for dei som bur langt unna eit bibliotek eller dei som ikkje kjem seg ut så lett på eiga hand. Bøkene vert også meir tilgjengelege for personar med dårleg syn då ein kan regulerer våde lysstyrken og skriftstorleiken på skjerm.

Sogn og Fjordane i front
Jan Olav Fretland meiner det er heilt naturleg at Sogn og Fjordane er eit av dei første fylka som tilbyr ei fylkesdekkande e-bokløysing. - Sogn og Fjordane ligg alltid langt framme. Det er berre i Oslo dei ikkje veit det, så Fretland ved lanseringa. Både fylkeskommunen, fylkesbiblioteket og spesielt fylkesarkivet har vore pionerar innanfor digitale løysingar, og det er heilt tydeleg at bibliotekarane ønskjer å vere frampå.

Demokratisk og rettferdig ordning

Det er kan vere langt mellom folk i fylket vårt. Eit resultat av dette er at mange bur langt unna biblioteket. E-bokløysinga er både demokratisk og rettferdig, då alle biblioteka er med å kjøpe inn bøker og alle innbyggjarane i fylket har tilgang til akkurat dei same bøkene uavhengig av kvar dei bur. Dette poenget vart understreka av Jarle Aarvoll som på lanseringa i Sogndal representerte alle ordførarane i fylket. Han var også spent på å sjå om denne nye låneløysinga kan føre til at biblioteka når nye lesargrupper og meirbruk av biblioteket.

Ingen av deltakarane på lanseringen frykta at den nye løysinga ville gjere det fysiske biblioteket mindre relevant. Ingvaldsen framhevar alle dei ulike funksjonane som folkebiblioteka har i kommunane. - Ærgjerrige og kompetente fagfolk som kan fungere som rådgjevarar i dagens informasjonssamfunn er viktigare enn nokon sinne, sa Jan Olav Fretland.


Publisert av: Ingvild Ramstad
Dato: 11. april 2014 - kl. 15:06