Stryn vidaregåande skule

Lærerik Karrieredag på Stryn vidaregåande


Torsdag 23.januar var det Yrke og Utdanning som stod på timeplanen på Stryn vidaregåande skule. Relevante utdanningsinstitusjonar , etatar, kommune, opplæringskontor og bedrifter var på plass for å gi ungdommane våre gode råd på vegen inn i framtida.


Målgruppa for dagen var hovudsakleg elevane på 10.trinn frå Hornindal, Olden og Stryn, elevane på Stryn vidaregåande skule, lærlingar og vaksne som trengte råd og informasjon om framtidig yrke og utdanning. I tillegg var foreldre spesielt inviterte til Karrieredagen.
Utdanning Bergen starta dagen kl. 09.00 og hadde spesiell informasjon til elevane på Stryn vidaregåande skule om studietilbodet på høgskular og universitet.
Kl.13 opna Karrieredagen der informantane hadde stand i Kantina og nærliggande lokalitetar.

kar
kar
kar
ka
kar
kar

Dei vidaregåande skulane i Nordfjord orientere om sine utdanningsprogram og behov for fagkompetanse. Opplæringskontor, bedrifter, kommune og ulike etatar profilere sine behov for læreplassar og framtidige kompetansearbeidsplassar.
Foreldre og elevar på 10.trinnet var spesielt inviterte til informasjonsmøte om utdanningsprogramma på Stryn vidaregåande skule, skuleåret 2014-15 kl. 17.