Stryn vidaregåande skule/Opplæringstilbod/Helse- og oppvekstfag/Opplæring fram til fagbrev/Læretid

Lærling

Å vere lærling vil seie å få opplæring i eit fag som leier fram til eit bestemt yrke. Du er ein framtidig fagarbeidar under utdanning.

Når du er lærling kombinerer du teori og praksis. Som lærling er du tett på arbeidslivet og du får lære av erfarne arbeidskollegaer. Hovudmodellen for ei yrkesfagleg utdanning er to år i skule og to år i bedrift som lærling.

Du som lærling skal vere aktiv og engasjere deg i opplæringa. Det følgjer både rettar og plikter med eit læreforhold.

Les meir om rettar og plikter på vilbli.no.

Søknad og søknadsfrist

Du må søkje i Vigo før 1. mars.

Ein læreplass blir ikkje tildelt slik som ein skuleplass, og du har ingen garanti for at du får ein læreplass gjennom å søke i vigo. Det er difor viktig at du er aktiv og sender inn jobbsøknadar og tek kontakt med mulege lærebedrifter på eiga hand.

Lærlingar er tilsette i ei bedrift, og det er bedrifta som bestemmer om dei ynskjer å tilsette ein lærling. Godkjende lærebedrifter vert tilsend lister med kvalifiserte søkarar.

Lærekontrakt

Når du har avtalt med ei bedrift å verte lærling, skal det skrivast under på ei lærekontrakt. Dette er eit juridisk bindande dokument. Kontrakta skal signerast av deg som lærling og den faglege og ansvarlege leiaren din. Stundom er fagleg leiar og ansvarleg leiar same person. Kontrakta skal fyllast ut i tre eksemplar. Samtlege eksemplar skal sendast til Sogn og Fjordane fylkeskommune.

Kontrakta vert så godkjend av fylkeskommunen.

Arbeidsavtale

Som lærling er du arbeidstakar. Det må difor lagast og signerast arbeidsavtale med bedrifta. Arbeidsavtalen regulerer arbeidstid og løn. Ein kopi av arbeidsavtalen skal leggast ved lærekontrakta før godkjenning.

Oppfølgjing av lærlingar

Det er opplæringskontora og Sogn og Fjordane fylkeskommune som følgjer opp lærlingar i bedrift. Desse ser til at opplæringa som vert gjeven er i høve til læreplanane.

Tips ein ven Skriv ut