Foto som syner to unge gutar på eit storkjøken. Dei er svartkledde og tilberedar mat. Foto: Charlotta Wasteson/www.flickr.com

Foto som syner to unge gutar på eit storkjøken. Dei er svartkledde og tilberedar mat. Foto: Charlotta Wasteson/www.flickr.com

Lærlingsamlingar 2017

Lærlingsamlinga i Sogn vert i år på Vesterland på Kaupanger tirsdag 31. januar, for Nordfjord på Eid vgs onsdag 1.februar og for Sunnfjord i Førdehuset torsdag 2. februar.

Aktuelle tema

Lærlingar og lærekandidatar som teikna kontrakt i løpet av 2016, er inviterte til samlingane, saman med faglege leiarar og instruktørar i dei aktuelle lærebedriftene. Samlingane tek opp aktuelle tema for målgruppa, t.d. rettar og plikter i læreforholdet, svart økonomi, tilboda fagskulen har etter fagbrev og trafikktrygging. Det vert også ei økt med elev- og lærlingombodet. Den kulturelle skulesekken bidreg med musikar Askil Holm.

Fristen for å melde seg på er fredag 13. januar.

Her melder du deg på og kan lese meir utfyllande om programmet.

Publisert 05. januar 2017 av Birthe Johanne Fredheim Finstad | Oppdatert 05. januar 2017

Tips ein ven Skriv ut