Stryn vidaregåande skule/Opplæringstilbod/Landslinje skiskyting
Medaljevinnarar i rulleski-NM 2021   Foto: Stryn vgs

Medaljevinnarar i rulleski-NM 2021 Foto: Stryn vgs

Landslinje skiskyting ved Stryn vidaregåande skule

Landslinjetilbodet er knytt til studiespesialisering og har 10 elevplassar kvart år. Landslinje betyr at søkjarar frå heile landet konkurrerer på lik linje om plassane.
 

Søknad til opptak på landslinja for skiskyting skuleåret 2022-23  finn du her.

Skjemaet skal sendast direkte til Stryn vidaregåande skule, postboks 158, 6781 Stryn eller på epost til postmottak.strynvgs@vlfk.no.

Søknadsfrist: 1.mars i Vigo + direkte til skulen på skjemaet over.

 

Elevane på landslinje skiskyting skuleåret 2021/2022   Foto: Stryn vgs

 

Sportsleg tilbod:

På landslinja vert det tilrettelagt for å kunne kombinere idrett og skule på best mogleg måte, og på Stryn vgs blir du ein del av eit stort idrettsmiljø, på tvers av fleire idrettar. Skulen tilbyr faget toppidrett for skiskyting, handball og fotball. Du blir ein del av ein god treningskultur, med sunne verdiar. Vi har ca 20 samlingsdøgn i skuleåret. I tillegg reiser vi på 6 konkurransehelgar på nasjonalt nivå i løpet av vinteren, noko som utgjer ca 20 døgn. Når vi reiser på samlingar og renn, reiser vi som medlemar av Nordfjord Team Stryn Energi. Eigenandelar og støtte frå sponsorar er med på å dekke samlingsopplegg og støtteapparat på NC-helgane. Sesongen 2021-2022 er eigenandelen for A-kontrakt på Nordfjord Team Stryn Energi 12500 kr.  

Treningsåret startar 1. mai, og vi gjennomfører ei treningssamling før sommarferien. Dei som startar i første klasse blir med på det sportslege opplegget frå skulestart, rundt 15. august. I ei vanleg treningsveke gjennomfører vi 4 treningsøkter på skulen. På samlingsveker blir det gjennomført 8-10 treningsøkter.

 

Treningsforhold:

  • I barmarkssesongen brukar vi rulleskianlegget på Ullsheim Skistadion med ei total lengde på over 3 km. Denne nyttar vi mykje på fellestreningar, og den gjer det lettare og tryggare å gå på rulleski i store grupper. Det er også der vi har standplass med 30 blinkar, oppgradert med elektronisk opptrekk sommaren 2020. På vinteren har vi 45 km med preparerte skiløyper som strekkjer seg mellom Ullsheim skistadion og Stryn Skisenter.
  • Glimrande treningsområde i fjell og skogsterreng, med mellom anna barkeløyper til langtur/intervalltrening.
  • Strynehallen, der mykje av kroppsøvinga og styrketreninga blir gjort, like ved skulen.
  • Symjehall 100 meter frå skulen.
  • Stryn Stadion 100 meter frå skulen.

Landslinjeelevar på ski i Turløyper Stryn   Foto: Stryn vgs

 

Trenarar:

Det er tre trenarar på landslinja. Kvar elev får tildelt ein trenar som har ansvar for treningsoppfølgjinga, men vi har fokus på at alle elevar skal bli sett, av alle trenarar. I samarbeid set trenarane opp og tilrettelegg for best mogleg felles treningsopplegg gjennom skuleåret. Trenarane på landslinja for skuleåret 2021/22 er:

 

Anders Vonheim:

Trenar Nordfjord team skiskyting frå 2010

Trenar Stryn vgs idrettsfag/toppidrett frå 2013

Trenar Landslinja Stryn vgs frå 2017

Bachelorgrad i idrett frå Høgskulen i Lillehammer

Mastergrad i bevegelsesvitenskap frå NTNU

 

Hans Martin Gjedrem:

Utøver på jr. landslag skiskyting1998-1999

Utøver rekruttlandslag skiskyting 2001-2007

Utøver elitelag skiskyting 2008- 2009

Trener Storfjord langrenn 2017

Landslinja skiskyting Stryn Vidaregåande skule frå 2017

 

Sjur Ole Svarstad:

Krinslagstrenar i langrenn frå 2003-2008

Trenar på Hovden Skigymnas frå 2008-2011

Trenar på rekruttlandslaget i langrenn frå 2011-2016

Trenar på elitelandslaget damer i langrenn frå 2016-2018

Landslinja skiskyting Stryn Vidaregåande skule frå 2018

Mastergrad i idrettsfysiologi frå Norges Idrettshøgskule

Trenarane på landslinja   Foto: Stryn vgs

 

 

 
 

 

Kontakt

Sjur Ole Svarstad
Trenar skiskyting
 
Sjur ole svarstad 2.png
 
 
Hans Martin Gjedrem
Faglærar skiskyting
 
 
Hans Martin Gjedrem.jpg 
 
 
Anders Vonheim
Faglærar skiskyting
 
 
Anders Vonheim .jpg

Relaterte lenker