Stryn vidaregåande skule

Ledige stillingar

logo
Stryn vidaregåande skule er ein kombinert vidaregåande skule som ligg vakkert til i Indre Nordfjord. Skulen ligg i tettstaden Stryn i Stryn kommune.Skulen var ferdig bygd i 2007 med nye og moderne lokalar.
Visjon: For deg som vil litt meir.

Personal

Vi har som mål at alle elevane skal oppnå gode resultat ut frå den enkelte sine føresetnadar. Personalet organisert i team for å legge til rette for opplæring med god kvalitet.
Det unike framtidsretta samarbeidet lokalt mellom skule og næringsliv er ein pilar for samfunnsansvaret vårt.
Skulen har 70 tilsette og 300 elevplassar, fordelt på 15grupper innan utdanningsprogram Studiespesialisering, Idrettsfag, Helse- og oppvekstfag, Service- og samferdsel og Bygg- og anleggsteknikk.
Ledige stillingar frå 1. august 2014
Undervisningsstillingar for skuleåret 2014-15
· 100% fast stilling Bygg- og anleggsteknikk
· Inntil 50% fast delstilling Bygg- og anleggsteknikk
· 70% fast stilling Service og samferdsel
· 100% vikariat Helse- og oppvekstfag
· Inntil 100% vikariat i spansk og engelsk
· 25% vikariat matematikk
Undervisningsstillingar for perioden 01.08 – 31.12.14
· 40% vikariat Naturfag
· 60% vikariat Helse- og oppvekstfag
I tillegg til fagleg bakgrunn blir også personlege eigenskapar vektlagt.
Det vert også lagt vekt på evne til samarbeid i team, undervisning i det digitale klasserom og pedagogisk utviklingsarbeid.
Vilkår:
For tilsetjing i stillinga gjeld avtaleverket for vidaregåande opplæring og fylkeskommunale vilkår.
Før tilsetjing må det leggast fram politiattest.
Aktuelle søkjarar vil bli innkalla til intervju.
Det blir teke atterhald om tilsetjing då overtalige ved andre fylkeskommunale skular har førerett til stillingar.
I følgje Offentlegheitslov kan opplysningar om søkjarane bli gjort offentleg sjølv om søkjaren har ønskt at opplysningane ikkje vert med på offentleg søkjarliste.
For meir informasjon og søknadsskjema så heimesida www.stryn.vgs.no
For meir informasjon er du velkomen til å ta kontakt med skulen.
Rektor Kirsti Horne 95 85 40 38
Avdelingsleiar yrkesfag Johanne Elisabett Sørdal 41 53 08 01
Avdelingsleiar studiespesialisering Anders Magne Bruvoll 95 52 45 11
Søknad med CV, skal sendast elektronisk via link på denne sida ”Søk denne stillinga”
Søknadsfrist 05. mai 2014
Tips ein ven Skriv ut