Stryn vidaregåande skule
Instituto Hispanico de Murcia Lise Fure Håvik , Felipe Espada (manager) og Lucia Trvalcova Foto: Johanne Elisabett Sørdal

Instituto Hispanico de Murcia Lise Fure Håvik , Felipe Espada (manager) og Lucia Trvalcova Foto: Johanne Elisabett Sørdal

Lise og Lucia – flotte ambassadørar for Stryn og Norge

Elevane Lise Fure Håvik og Lucia Trvalcova frå Vg2 Reiseliv på Stryn vidaregåande skule er nyleg tilbake frå eit tre vekers utdanningsopphald i Murcia i Spania.

Lise og Lucia har praktisert ved Instituto Hispanico de Murcia, eit internasjonalt kontor som har sitt hovudområde innan turisme, guiding og spanskopplæring. Kontoret er også base for internasjonale studentar. Under utdanningsopphaldet har elevane delteke i daglege gjeremål på kontoret og i felles aktivitetar i Murcia. Opphaldet starta med intensiv kurs i spansk, der elevane verkeleg fekk testa spanskkunnskapane frå ungdomsskulen. Målet med kurset var å kunne bruke daglegdagse fraser samt å kunne kommunisere i kvardagen. Erfaringsvis og med positiv og god innsatsvilje frå begge partar fungerer kommunikasjonen godt med ei blanding av spansk, engelsk og norsk.

 

Innhaldsrike kvardagar

Arbeidsdagane er litt annleis i Spania enn i Norge. Dagane var delt i to, med ei økt på føremiddag og ei økt på ettermiddag / kveld. Spanjolane har lang lunchpause, ofte med fleire varme rettar og gjerne ein siesta etterpå. Etter kveldsøkta som gjerne varer til kl. 21 om kvelden inntek dei eit større måltid. Dette er dagens høgdepunkt der heile familien er samla og måltidet tek opptil fleire timar. Mange familiar nyt dette måltidet ute på sin stamrestaurant. I det spanske kjøkkenet er det ferske råvarer som er utgangspunkt for matlaginga, og restaurantane tilbyr alt frå typisk spansk tapas til meir internasjonale og trendy rettar. Olivenolje, tomatar og kvitløk har ein tendens til å vere følgje på mange av rettane. Og – det er spennande å ete spansk tapas på ein av Murcia sine mange tradisjonelle restaurantar, ei ny oppleving kvar gong.  

2 Spanskopplæring med Noelia.jpg

Spanskopplæring med Noelia     Foto: Johanne Elisabett Sørdal        

 

1 Instituto Hispanico de Murcia Lise Fure Håvik , Felipe Espada (manager) og Lucia Trvalcova.jpg                 

Instituto Hispanico de Murcia. Lucia, Felipe Espada (Manager) og Lise Foto: Johanne Elisabett Sørdal

 

Ein vakker by

 Byen Murcia ligg omtrent ein times køyretur frå Alicante. Vakker og særeigen ligg byen ved elva Segura i den autonome regionen Murcia. Innbyggjartalet er omtrent det same som Oslo, men det er også det einaste som liknar. Byen, og spesielt den gamle bydelen i Murcia har det meste, kultur, god mat, eit stort tal restaurantar, historie, storbypuls og eit behageleg klima. Klimaet er mildt og fattig på nedbør, og området rundt Murcia vert ofte omtala som «Europas kjøkkenhage.» På markene i Calasparra vert det dyrka ris og langs elveløpet av Segura grønsaker og frukt. Regionen sine hovudeksportvarer er appelsin og sitron. Elles vert det dyrka mengder av oliven og vindruer. Vinane frå Jumilla verdt høgt verdsett, både Europa og på verdsbasis. Regionen produserer også store mengde mandlar, og det er ei oppleving i seg sjølv å sjå dei mange mandeltrea som blomstrar på denne tida. 

7 Katedralen i Murcia.jpg

Katedralen i Murcia  Foto: Johanne Elisabett Sørdal  

                            

5 Lise og Lucia ved inngangen til gamlebyen.jpg

Lise og Lucia  Foto: Johanne Elisabett Sørdal

 

Ei lærerik oppleving

Erfaringane våre frå tidlegare opphald er at elevane blir svært godt teke vare på i arbeidskvardagen. Arbeidsmiljøet er godt og inkluderande, og dei er opptatt av at elevane skal både dele og få med seg verdifull kunnskap og erfaring heim.

Ei av oppgåvene til Lise og Lucia var å presentere Stryn vidaregåande skule, regionen Vestland og Norge. Flott utført arbeid gjorde dei til gode ambassadørar i ulike samanhengar der dei deltok og presenterte seg. Dei presenterte seg blant anna på Facultad de Turismo Murcia der Mercedes Bernabe, leiar for byplanlegging og opent råd tok imot elevane våre og  andre elevar frå Vestland.

Det internasjonale kontoret hadde lagt opp til ei rekkje fellesaktivitetar som;  Guida tur i Murcia, Tapas Night, besøk på det lokale marknaden, Chocolate e Chorros (spesielt frityrsteikt bakverk), guida tur til Bullfight Club Escuela Turismo (tyrefekting).  Elevane besøkte Escuela Universitaria de Turismo der dei møtte lærarar og studentar. Stas var det å få vere med å lage tradisjonell spansk mat, og sist men ikkje minst fekk elevane lære å danse Flamenco! 

Utdanningsopphaldet varte frå 21.februar til 13.mras. Då dei kom til Norge var det rett i karantene i 14 dagar pga. fare for koronasmitte.

   3 Besøk på Escuela Universitaria de Turismo.jpg                   

 Besøk på Escuela Universitaria de Turismo Foto: Instituto Hispanico    

 

4 Lucia og Lise på Facultad de Turismo de Murcia.jpg

Lucia og Lise på Facultad de Turismo de Murcia  Foto: Instituto Hispanico

 

Stryn vidaregåande skule har opparbeidd nære samarbeidsrelasjonar med bedrifter og utdanningsinstitusjonar i Murcia sidan 2005. Gjennom 15 år har vi etablert svært gode og solide nettverk som kjem elevane til nytte under utdanningsopphaldet, både fagleg, kulturelt og sosialt.  Stryn vidaregåande skule har finansiert utdanningsopphaldet i Murcia for elevane og følgjepersonar gjennom EU - prosjektmidlar frå Erasmus+.

  6 Typisk frå ein lokal restaurant.jpg          

  Frå ein typisk spansk restaurant   Foto: Johanne Elisabett Sørdal                                            

 

8 Ein touch av sommar i februar.jpg

   Ein touch av sommar i februar  Foto: Johanne Elisabett Sørdal

 

Stryn vidaregåande skule har følgjande målsettingar med prosjektet:

  • Gi elevar relevant arbeidslivserfaring frå eit internasjonalt arbeidsmiljø

  • Gi elevane høve til eigenutvikling gjennom nye sosiale og faglege utfordringar

  • Utvikle språkkompetansen

  • Få betre kjennskap til og større forståing av andre kulturar

  • Gi lærarar mulegheit til å utvikle profesjonen sin gjennom samhandling med internasjonale bedrifter og utdanningsinstitusjonar

 

Stryn 20.mars 2020

Johanne Elisabett Sørdal

Internasjonal koordinator

Avdelingsleiar for yrkesfag

Stryn vidaregåande skule