Stryn vidaregåande skule/Opplæringstilbod/Service og samferdsel/Dei ulike yrka/Logistikkfaget

Logistikkoperatør med fagbrev

Aktuelle arbeidsstader

Ein logistikkoperatør kan arbeide i transportbransjen og i ei rekkje andre bransjar, som treforedlingsindustri, mekanisk industri, verkstadindustri, metallurgisk industri og annan industri eller næringsverksemd.

Sentrale arbeidsoppgåver

Sentrale arbeidsområder er

  • service, informasjon, rettleiing, kundebehandling, kommunikasjon og etikk
  • ordrebehandling, lagerhald og emballering
  • klargjering for forsendingar
  • sikring av gods 
  • vektbegrensing og vektfordeling ved transport
  • effektiv og sikker forflytting av gods og varer
  • handtering og transport av varer som krevjer spesiell behandling
  • bruk av manuelle og elektroniske verktøy for transport, vareflyt og dokumentbehandling
  • bruk og vedlikehald av teknisk utstyr

Personlege eigenskapar

Ein logistikkoperatør må kunne arbeide effektivt, planmessig, nøyaktig og rasjonelt, både sjølvstendig og saman med andre. Du må kunne yte service overfor kundar.

Tips ein ven Skriv ut