Stryn vidaregåande skule/Om oss/Om skulen/Lokale
Situasjonsplan bygningar Stryn vgs

Teikning: Stryn vidaregåande skule

Stryn vidaregåande skule sine lokale

Etter 35 år med opplæring fordelt på fleire bygningar, kunne vi i 2007 ta i bruk det nye bygget der all undervisning vart samla i eitt hus! Sentralt plassert like ved Strynehallen, kulturhus, symjehall og busstasjonen.

Vi fekk eit fantastisk flott bygg, tilpassa dei utdanningsprogramma som vi hadde. Fløy 1 husa mellom anna studiespesialisering og idrett, der var arbeidsplassar for tilsette, studieareal og bibliotek.I fløy 2 administrasjon, kantine, auditorium, undervisningslokale for restaurant- og matfag, og for helsefag. Fløy 3 undervisningslokale for byggfag, samt arbeidsplassar for tilsette og ymse møte- og grupperom. Fløy 4 undervisningslokale for TIP, og fløy 5 garasjar/lager.

Skuleåret 2015/2016 har vi ikkje lenger utdanningsprogramma TIP og restaurant- og matfag. Fløy 4 har no fleire funksjonar: Undervisningslokale/verkstad for byggfag og for service og samferdsel, transport. I tillegg er eine verkstaden med tilhøyrande klasserom og kontor utleigd til Gym Stryn. Det som tidlegare var restaurantlokale i fløy 2, vart hausten 2014 teke i bruk som felles personalrom for alle tilsette.  Det einaste lokalet som ikkje er i bruk er dei øvrige undervisningslokala til restaurant- og matfag. Vi håpar at det ein dag vil bli undervisning i desse lokala igjen!

Uteområdet er vakkert. Her finn du Kåre Rosethsplass med amfi, sandvolleybaner, her er fontene, store plenareal og mange tre og busker. 

Alle foto: Stryn vidaregåande skule

Elevar ute KRP.JPG

Sandvolleyball .jpg

Plass mellom 2 og 4.jpg

Tips ein ven Skriv ut