Kringom[1]

Lokaltransport for ungdom

Det er sett av 1. million kroner som kan nyttast for å betre reisetilbodet for ungdom mellom 13 og 19 år, som treng skyss til og frå aktivitetar på ettermiddag og kveld.

Det er ungdomane og kommunane som søkjer om midlar. Søknadsfristen i år er 15. mars.

Hei!

 

Lokaltransport for ungdom gjer det mogleg for ungdom å reise kollektivt til og frå fritidsaktivitetar, også når det ikkje går ordinære ruter.

Det er sett av 1. million kroner som kan nyttast for å betre reisetilbodet for ungdom mellom 13 og 19 år, som treng skyss til og frå aktivitetar på ettermiddag og kveld.

Det er ungdomane og kommunane som søkjer om midlar. Søknadsfristen i år er 15. mars.

 

Vi håpar å nå ut til flest mogleg ungdomar med informasjon om tilbodet, og lurer difor på om de vil dele informasjon om dette på skjermar på skulane og eventuelt på skulen sine heimesider?

Legg ved eit bilete av annonsen som kan nyttast på skjermar.

 

Meir info om ordninga finn de her: http://www.kringom.no/treng-du-skyss-heim-fraa-trening-eller-konsert-vi-kan-hjelpe-deg.6186114-318872.html

 

Høyrer gjerne frå dykk om de har spørsmål eller innspel.

 

Med helsing

Anna Kristine Gytri

rådgjevar, samferdsleavdelinga

Sogn og Fjordane fylkeskommune

Askedalen 2, 6863 Leikanger

www.sfj.no | Anna.Kristine.Gytri@sfj.no

sentralbord: +47 57638000 |mobil: +47 95948066

 

Lik Kringom på Facebook!