Eggen restaurant   Foto: Stryn vgs

Eggen restaurant Foto: Stryn vgs

Luftig tur til Åndalsnes

Fredag 3.desember inviterte Byggopp og HS bygg elevar og lærarar ved byggfag med på tur til Romsdalsgondolen!

Dei fekk ei flott oppleving med fantastisk utsikt til fjell og fjord. Arne frå Byggopp var med på turen og han hadde lagt ein god plan for dagen. HS bygg fortalde om utfordringar og opplevingar frå deira arbeid med prosjektet, og informerte elles om korleis det er å arbeide i bedrifta deira. 

På toppen fekk alle servering i Eggen restaurant, og god informasjon om heile prosjektet og historia bak Romsdalsgondolen.

Tusen takk til Byggopp og HS bygg for ein topp dag!

Tu.pngTur16.jpg