Stryn vidaregåande skule

Markering av tobakksfri dag


Torsdag markerte Stryn Vidaregåande skule både Tobakksfri dag, Frukt- og grønt dag og Vanndagen.
Markeringa er ein del av folkehelsearbeidet ved skulen, og er eit samarbeid mellom folkehelsegruppa ved skulen, Stryn kommune ved folkehelsekoordinator, helsestasjonen og tannhelsetenesta.


Målet var ein lærerik og kjekk dag både for elevar og tilsette på vidaregåande, og i den samanheng var det på sin plass med spennande aktivitetar og konkurransar som ein kan delta på.

tobakksfri dag
Foto: Fjordingen

Det venta flotte premiar til dei som kunne vise til mest kunnskap innan dei ulike emna som omgår sunnheit og helse.

tobakksfri dag
Foto: Therese Dispen
Tips ein ven Skriv ut