Mathias Melheim, gullvinnar kule i ungdomsmeisterskapen i friidrett

Foto: Roy Aron Myklebust, Fjordingen

Mathias Melheim - Norsk meister i kule!

Mathias Melheim som er elev på Vg 2 Studiespesialisering ved Stryn vidaregåande skule vart norsk meister i kule klasse 17 år. Vi gratulerer!

Mathias Melheim, Olden IL og Stryn vidaregåande skule (2STB) vart i dag norsk meister i kule, klasse 17 år. Undomsmeisterskapen vert avvikla i Sandnes. Mathias var 2cm framfor Torkel Bjørbæk frå Bodø som hadde årets lengste støt  med 5kg-kula inntil i dag. Han hadde dei to lengste støta i konkurransen, 15.79 og 15.78 og forbetra persen sin med 20 cm. I morgon har Mathias svært gode medaljesjansar i diskos, men det skal her godt gjerast å hamle opp med gullfavoritten Torkel Bjørbæk.

Tips ein ven Skriv ut