Biblioteksjef Kristin Hatledal og rektor Stryn vidaregåande skule Anders Bruvoll   Foto: Stryn vgs

Biblioteksjef Kristin Hatledal og rektor Stryn vidaregåande skule Anders Bruvoll Foto: Stryn vgs

"Meirope bibliotek"

Ved å registrere utlånskortet ditt på biblioteket, kan du få tilgang til lokala kvar dag frå kl 07 - 23!

I 1795 vart det første folkebiblioteket i kommunen skipa, då Jakob Tonning testamenterte 78 bøker og eit "Skab, beroende til Udlaan, Læsning og Opbyggelse for Almuen". Biblioteket si jubileumsgåve til brukarane vart markert i dag med høgtideleg opning av "meirope bibliotek". Ved å registrere utlånskortet sitt på biblioteket, kan ein no få tilgang til lokala kvar dag kl 07 - 23! Der kan ein via utlånsautomaten registrere utlån, lese aviser, bruke biblioteket sine pc-ar eller trådlause nett, studere pensum, lokalhistorie eller andre ting på lesesalen, eller berre møtast i sofakroken.
Satsinga er eit samarbeid mellom Stryn kommune, biblioteket og Stryn vgs. Det var ein stolt og glad biblioteksjef, Kristin Hatledal, som tok i mot rektor Anders Bruvoll, som første registrerte brukar av meirope bibliotek.