Stryn vidaregåande skule

Microsoft Office for elevar


Office 365-lisensar til alle elevar er no klare til nedlasting frå skuleportalen: http://skule.sfj.no

Produktet heiter Office 365 Pro Plus - Student Advantage. Denne office-pakken vil fungere som ein full office-versjon så lenge du er registrerte i SATS som elev hjå oss. 90 dagar etter at du er ferdig hjå oss vil produktet berre kunne lese filer (kan ikkje lagre dokument). Du kan installere dette produktet på inntil 5 maskiner.
Elevar som allereie har installert og kjøpt eigen lisens for Microsoft office beheld sjølvsagt lisensen på dette, og eig denne også etter at dei er ferdige som elevar hjå oss. Dei kan likevel velje å installere Office Pro Plus Student Advantage, i staden for, eller i tillegg til den office-versjonen dei har kjøpt sjølve.

Her er ei rettleiing til korleis ein går fram for å lasta ned og installere produktet:

Rettleiing for Office 365

Tips ein ven Skriv ut