Foto av bl.a. Jenny Følling

Foto av bl.a. Jenny Følling

Møtte kunnskapsministeren

Fylkesordførar Jenny Følling og leiar for hovudutval for opplæring Karianne Torvanger møtte 28. oktober kunnskapsministeren for å diskutere dei nasjonale fråværsreglane.

– Det var eit godt møte. Statsråden følgjer situasjonen nøye og var open for innspel. Han lytta til erfaringar skulane i Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland har hatt dei første månadene med det nye fråværsreglementet. Eg håpar det skal vere mogeleg å få til ei fornuftig oppmjuking av regelverket, som tener elveane og andre involverte, seier fylkesordføraren.

Dei nasjonale fråværsreglane som vart innførte i haust, har skapt mykje debatt, også i vestlandsfylka. Fylkesordførarane i Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland sende tidlegare i haust ein felles førespurnad om å få til eit møte med kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen.

Vedtok revidert fråværsreglement

Hovudutval for opplæring vedtok i slutten av august eit eige, revidert fråværsreglement, som skulle gjelde for Sogn og Fjordane. I vedtaket låg det at obligatorisk køyrekurs ikkje skal reknast opp mot ti prosent-grensa for fråvær, og at rutinane for dokumentasjon skal vere smidige.

Vedtaket vart seinare kjent ulovleg av Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, og hovudutvalet har venta med vidare handsaming til etter møtet med ministeren.

Også dei to andre fylkeskommunane har fatta vedtak som omhandlar fråværsreglementet. Vedtaka er ikkje like, men alle tek utgangspunkt i problemstillingar knytt til dei nasjonale reglane.

For meir informasjon

Jenny Følling
fylkesordførar
jenny.folling@sfj.no
479 05 990

Karianne Torvanger
leiar, hovudutval for opplæring
karianne.torvanger@sfj.no
996 06 484

 

Publisert 28. oktober 2016 av Birthe Johanne Fredheim Finstad | Oppdatert 28. oktober 2016