Stryn vidaregåande skule/Opplæringstilbod/Bygg- og anleggsteknikk/Dei ulike yrka/Murarfaget

Murar med fagbrev

Aktuelle arbeidsstader

Som murar kan du få jobb i murarmeisterbedrifter, entreprenørbedrifter, kommunar, fylkeskommunar, staten eller eigedomsforvaltningsbedrifter.

Sentrale arbeidsoppgåver

Murarfaget omfattar muring av nytt murverk og rehabilitering og restaurering av gammalt murverk. Sentrale arbeidsområde er

  • teglsteinsmuring og blokkmuring
  • flislegging, våtromsarbeid, smøremembranar
  • skifer- og natursteinsmuring
  • puss og overflatebehandling
  • muring og montering av peis og andre eldstader
  • muring og montering av piper og pipeelement

Personlege eigenskapar

I murarfaget er mange moderne hjelpemiddel tekne i bruk, men tradisjonelle handverksmetodar dominerer framleis. Du må vere nøyaktig og ha godt handlag, praktisk sans og god fysikk. Muraren skal kunne kommunisere med kundar og kollegaer og kunne arbeide planmessig.

Tips ein ven Skriv ut

Relaterte lenker