Stryn vidaregåande skule

Nasjonalt fokus på Stryn vidaregåande skule


Stryn vidaregåande skule er den einaste vidaregåande skulen i Sogn og Fjordane som har fått godkjent søknad om utprøving av vekslingsmodellar innan yrkesfaglege utdanningsprogram frå Utdanningsdirektoratet.

I løpet av ei prosjektperiode på 4 år skal Stryn vidaregåande skule prøve ut alternative opplæringsmodellar innan Bygg- og anleggsteknikk.

Prosjektmidlane på kr. 800.000,- skal i hovudsak nyttast til oppfølging og djubdelæring til elevane når dei gjennom opplæringsløpet i skule er ute i arbeidspraksis i ei relevant opplæringsbedrift.
Utgangspunktet for søknaden frå Stryn vidaregåande skule til Utdanningsdirektoratet i mai i år har samband med oppfølging av «Samfunnskontrakt for fleire læreplasser». Dette er ei kontrakt mellom staten og partane i arbeidslivet, der Kunnskapsdepartementet har gitt Utdanningsdirektoratet i oppdrag til å invitere fylkeskommunane til å prøve ut alternative opplæringsmodellar / vekslingsmodellar innan yrkesfaglege utdanningsprogram.

udir

Bygg- og anleggsteknikk ved Stryn vidaregåande skule har spesielt dei siste åra arbeidd utviklingsorientert og målretta med kvalitet i det 4-årige opplæringsløpet til elevane. Skulen og faglærarane har tileigna seg kunnskap og erfaring gjennom samarbeid med relevante opplærings bedrifter både lokalt, regionalt og på internasjonalt nivå. Internasjonalt samarbeid med andre utdanningsinstitusjonar i Europa har tilført skulen erfaring og kunnskap som vert nytta i undervisninga og i opplæringa til elevane.
Tradisjonelt vert modellen 2 år i skule og 2 år opplæring i bedrift nytta i opplæringa til elevane på yrkesfag. Utvikling i bransjen, samfunnsmessige utfordringar og endring i skulestrukturen i Sogn og Fjordane fordrar nye og meir fleksible løysingar, også innan opplæringssektoren. Stortingsmelding 20 opna i fjor for å prøve ut alternative og meir fleksible opplæringsmodellar innan yrkesfaga.
Hausten 2013 starta Stryn vidaregåande skule med utprøving av ein lokalt tilpassa vekslingsmodell innan VG1 Bygg- og anlegg. Skulen underteikna samarbeidsavtaler med relevante opplæringsbedrifter innanfor fordjupingsområda i Prosjekt til fordjuping (PTF). Gjennom samarbeidsavtalene kunne eleven tidleg i opplæringsløpet fordjupe seg i ønska lærefag.
Erfaringsresultata og verdilæringa av utprøvinga la grunnlag for søknaden med det mål å vidareutvikle samt kvalitetssikre opplæringa til elevane.
Overordna målsettingar i prosjektet:
* Skule og næringsliv tek felles samfunnsansvar
* Skule og næringsliv samarbeider om å skape fleksibilitet, relevans og kvalitet i opplæringa
* Stryn vidaregåande skule ønskjer å profilere seg som ein moderne og utviklingsorientert vidaregåande skule med profesjonell opplæring og yrkesutøving
* Næringslivet i Stryn og Nordfjord kan profilere seg som attraktive tilbydarar av læreplassar og kompetansearbeidsplassar
* Auka rekruttering og status til yrkesfaga
* Tidleg erfaring og kunnskap om lokalt næringsliv kan føre til at fleire unge vel utdanning og jobbe lokalt
I prosjektperioden frå 2014-18 vil Stryn vidaregåande skule prøve å alternative vekslingsmodellar på VG1 og VG2 nivå. Konkretiserte strategiar er knytt opp mot til utprøvinga i prosjektet.
Utdanningsdirektoratet vil vere knutepunkt for nettverket av skular / fylkeskommunar som deltek i Norge. Det vil verte arrangert jamlege samlingar i regi av Utdanningsdirektoratet i prosjektperioden der dei deltakande partane kan utveksle erfaringar, få rettleiing, avklare juridiske problemstillingar og presentere resultat.