Fylkeskonkurranse 2017  Foto: Styrkår Kvame

Fylkeskonkurranse 2017 Foto: Styrkår Kvame

Nesten - Til topps i Skulekonkurransen

Elevane på Vg2 Transport og logistikk  gjorde flott innsats på Fyljkeskonkurransen i Førde torsdag 16.januar.

 

Kristian tok første plassen i økonomikøyring og andre plassen sammenlagt, 

Kristoffer tok første plassen i presisjonskøyring og tredje plass sammenlagt. 

Vi gratulerer!

Fylkesmeisterskapet i yrkesfag 2017

Sogn og Fjordane-meisterskapet i yrkesfag går av stabelen på Mo og Øyrane vidaregåande skule 16. februar. 100 elevar frå 18 forskjellege fag.

Det skal konkurrerast i ikkje mindre enn 18 fag i Førde denne dagen. Konkurransen er open for publikum, og elevar i åttande-, niande- og tiandeklasse er spesielt inviterte til å kome og sjå faga utført i praksis.

Dette er eit godt høve til å sjå yrkesfag utførte i praksis og så ei orientering om faga. Alle deltakarane har fått utlevert oppgåvene på førehand og har fått god tid til å førebu seg. Elevane ved Mo og Øyrane skal vere guidar på skulen og fortelje om faga denne dagen. Det vert også ein fagleg kahoot for både elevar og besøkande.