Stryn vidaregåande skule

NM sølv i skiskyting til Ingrid


Ingrid Gausemel frå Hornindal og elev på Stryn vidaregåande skule overraska stort i junior NM i skiskyting i Alta i dag, der ho i gjekk inn til sølvmedalje på normalprogrammet.

Gausemel var 1,4 sekund føre bronsemedaljen, og 1,26 minutt bak vinnaren Hilvi E. Hamar frå Byåsen.

Gausemel skaut best av alle jentene i sin årsklasse, og kompanserte for ein noko lågare fart i sporet samanlikna med dei argaste konkurrentane. Ho hadde fire bomskot på dei fire standplassbesøka.

Av andre lokale resultat på opningsdistansen kan vi nemne Johan Eirik Meland, Markane IL, med 11. plass i gutar 20-21 år.

ski

Foto: Team Statkraft Nordfjord

Tekst: Fjordingen