Stryn vidaregåande skule
Opplæringsleilegheit velferdsteknologi   Foto: Johanne Elisabett Sørdal

Ny og moderne teknologi for elevane på Helse- og oppvekst

Elevane på Helse- og oppvekst kan øve på moderne teknologi i skulen si opplæringsleilegheita innan velferdsteknologi.  Nasjonale aktørar har bistått skulen i oppdatering, installering og opplæring av ny teknologi. 

Elevane er godt inne i bruken på KOMP PRO og forklarar kva dette er og korleis det fungerer;

Det er ein digital skjerm med ein stor knapp. Komp krev ingen digitale ferdigheiter frå dei som skal bruke den. Den gjer det enkelt for familie og helsepersonell å dele bilder, sende meldingar, holde videosamtaler eller sende påminningar til brukaren.

Som helsepersonell kan du kommunisere trygt og enkelt med brukaren frå mobil til KOMP. Administrator av KOMP kan få oversikt over bruken, invitere andre og redigere kva rollar dei ulike skal ha.Tilsette kan dele innhald på KOMPen med dei ein samarbeider med.

På KOMP kalender kan ein legge inn påminngar som brukaren skal huske.  Meldinga kjem automatisk på skjermen. Det er tydeleg klokke på KOMPen og skjermen viser dag og dato. Korleis dette fungerer i praksis vart og vist på "Norge i dag" utpå nyåret.

Opplæringsleilegheit velferdsteknologi   Foto: Liv Elisabet Rygg[2].jpeg

 

Opplæringsleilegheit velferdsteknologi   Foto: Liv Elisabet Rygg.jpeg

 RoomMate vert og nytta i undervisninga. Elevane forklarer nytteverdien av RoomMate på følgjande måte; 

RoomMate er ein sensor som kan sjå , lytte og snakke.  Den varslar deg på mobil, dersom noko er gale. For bebuarar er den ein ven i rommet, for deg som helsearbeidar er den ein del av teamet.

RoomMate bidreg til at du ikkje forstyrrar bebuarar unødvendig, korkje natt eller dag. Du kan gjere tilsyn utan å forstyrre brukaren.

RoomMate heng på veggen, og skal observere eit bestemt område i rommet. Kva den skal registrere er det administrator i samarbeid med brukar som bestemmmer.  RoomMate må ha tilgang til straum og internett. Ein kan velje ulike varslingar som RoomMate skal gi. Det kan til dømes vere inn og ut av seng, oppreist i seng, fall, ut av rom, ut av stol eller høg lyd. Oppgåva er å varsle om noko farleg skjer.  RoomMate sender varsel til mobiltelefon som er kobla til apparatet.  Blir eit varsel utløyst kan den som blir varsla sjå inn, lytte til eller snakke med bebuar. 

Dette hjelpemiddelet føl alle krav og lovverk knytt til bebuar sitt privatliv. Det er krav om skriftleg samtykke av bebuar.

Bilde som ein ser er anonymisert, fargelagt og viser ingen detaljer. Ved inn-lytt kan ein berre høyre lydnivå, ikkje kva som vert sagt.

Berre alarmar vert loggført, anna informasjon vert ikkje lagra.

Opplæringsleilegheit velferdsteknologi   Foto: Liv Elisabet Rygg[1].jpeg