Med bilde av festkledde vg3-elevar og lærarar på taket av Hoven restaurant i Loen, ynskjer vi alle god sommar - og lykke til vidare til alle som no er ferdige på Stryn vgs! Her er nokre viktige datoar å hugse på for deg som skal starte eller halde fram i Stryn:
- 8. juli er første inntak. Du får melding på SMS, og må innan 15. juli logge inn i Vigo og avgi svar. Dersom du ikkje har førehandssvart ja, og ikkje takkar ja til plass innan svarfristen, mister du plassen du har fått tildelt!
- 23. juli er andre inntak. Dei som har fått nytt tilbod, får melding på SMS og må svare i Vigo innan 30. juli. (SMS blir berre sendt til dei som får nytt tilbod.) Du vil også her miste den nye plassen du har fått, om du ikkje takkar ja innan fristen.
- 8. august er tredje inntak. Igjen er det dei som får nytt tilbod, som får SMS. Du takkar ja ved å møte på skulen første skuledag.
- Første skuledag ved Stryn vgs er 19. august.