Hopp til hovedinnhold

Lurer du på korleis fråværsgrensene fungerer?

Bilde av febermålar, pyrisept og paracet.

På orienteringsmøta for vg1 og vg2 i september hadde vi ein gjennomgang av reglar og rutiner som vedkjem 10 %-regelen.

Kva er 10 %-regelen?

  • Dersom du har meir enn 10 % udokumentert fråvær i eit fag, får du ikkje karakter i faget.
  • Har du mellom 10 og 15 % fråvær, kan rektor etter nærmare reglar (søknad) bestemme at du likevel kan få karakter.

Dokumentert fråvær som ikkje kjem på vitnemålet

Innanfor ei ramme på 10 skuledagar, kan du krevje at følgjande dokumentert fråvær ikkje skal førast på vitnemålet:

  • helse- og velferdsgrunnar (legeerklæring). Merk at fråværet må vare meir enn tre dagar, og det er berre fråvær frå og med fjerde dagen som kan strykast. Ved dokumentert risiko for fråvær grunna funksjonshemming eller kronisk sjukdom, kan fråvær strykast frå og med første dag.
  • arbeid som tillitsvald utanfor skulen
  • politisk arbeid
  • hjelpearbeid
  • lovpålagt oppmøte
  • representasjon i arrangement på nasjonalt eller internasjonalt nivå, for eksempel idrett eller kultur
  • fråvær inntil to dagar til religiøse høgtider utanom den norske kyrkja.

Lokal avtale med helsetenesta i Stryn

Skulen har følgjande avtale med helsetenesta i Stryn, når det ikkje er mistanke om alvorleg sjukdom:

  • Ring fastlegekontoret første sjukdomsdag. Dette blir journalført.
  • Ring fastlegekontoret når du er blitt frisk igjen, du får då attest på fråvær.
  • Hent attesten i luka på legekontoret, kostar kr 150.
  • Lever attesten til kontaktlærar.

Har du kronisk sjukdom/funksjonshemming?

Elevar med kroniske sjukdomar eller funksjonshemming bør få ein generell helseattest/legeerlæring, slik at ein slepp å ringe legekontoret ved kvart fråvær.

Hugs:

Det er lov å vere sjuk! Det meste av fråværet vil syne på vitnemålet uansett om ein har legeattest eller ikkje, attesten hjelper berre til å få karakter om fråværet kjem over 10 %.

Les meir om fråvær på Udir si side.