Stryn vidaregåande skule

Viktige datoarMelding om skuleplass

14. juni 2016

5. juli - Melding blir sendt til alle søkjarane – første inntak
14. juli - Svarfrist første inntak
29. jul - Melding om andre inntak
3. august - Svarfrist andre inntak

Stryn og Oldedalen er ei levande lærebok i kvartærgeologi

30. mai 2016

På Visnes har vatn og grus laga ei kjempejettegryte med diameter 8 meter. Der startar geografiekskursjonen til første klasse som var på utferd sist torsdag.
Utferda som Hans Petter Galtung leia, tek oss trinn for trinn gjennom landskapet. Elevane kosa seg,

Les meir om den spennande ekspedisjonen.

Godkjende lærebedrifter

27. mai 2016

I desse dagar er mange elevar ute for å skaffe seg læreplass.
Bedrifter som ikkje har sikra seg lærling kan bli lærebedrift og ein del av merkeordninga frå Kunnskapsdepartementet.
For bedrifter som ønskjer seg lærling er dette den rette tida, for å få skrive kontrakt med lærlingar før skuleslutt.

Nasjonalt fokus på Eid og Stryn vidaregåande skuleProsjekt Morgondagens omsorg

27. mai 2016

I tidsskriftet for Omsorgsteknologi utgitt av Universitetsforlaget er prosjektet omtala over heile 5 sider.
I prosjektet er hovudfokus sett til fagarbeidarnivå og vidaregåande skule. Det unike samarbeidet mellom dataelektronikk på Eid og helsefag på Stryn vidaregåande skule der teknologi møter dei varme hendene har skapt merksemd frå ulike forskningsmiljø.

Samtykkeerklæring

23. mai 2016

Læreplass i Norwegian

18. mai 2016

For Siri som er elev på VG2 Reiseliv ved Stryn vidaregåande skule ventar spennande utfordringar. Frå hausten skal ho vere lærling i Norwegian der ho skal følgje selskapet sitt opplæringsprogram i to år fram til fagbrev.
Vi ønskjer Siri Lykke til!

Sommarskule

18. april 2016

Mo og Øyrane vidaregåande skule og Sogn og Fjordane fylkeskommune arrangerer Sommarskule på Mo i veke 25 og 26.

Tilbodet er for elevar og lærlingar som fekk 1 i standpunkt eller til eksamen i MAT1001 eller NAT1001 i yrkesfaglege program.

Kvalitetsutvikling av vidaregåande opplæring i Sogn og Fjordane

18. april 2016

Kunnskapsdepartementet har publisert ein rapport som rangerer dei vidaregåande skulane i landet.
Formålet med rapporten er at skuleeigar skal få eit verktøy for skuleutvikling. Sogn og Fjordane fylkeskommune har kome kome med nokre betraktningar knytt til rapporten.