Stryn vidaregåande skule
Vg1 Bygg- og anlegg   Foto: Johanne Elisabett Sørdal

Vg1 Bygg- og anlegg Foto: Johanne Elisabett Sørdal

Nytt tilbod til vaksne på Stryn vidaregåande skule

Du kan no søkje om plass på Vg1 Bygg- og anleggsteknikk. Målgruppa er hovudsakleg vaksne  minoritetsspråklege. Vi skreddarsyr løysingar som passar med lokale behov der du bur, og behova du har for vidaregåande opplæring fram til fagbrev. 

Til hausten startar Stryn vidaregåande skule eit utdanningstilbod til vaksne minoritetsspråklege med føremål om fagbrev som tømrar. Utdanningstilbodet er eit samarbeid mellom skulen, næringsliv og NAV.

Opplæringsmodell Bygg- og anlegg

Målgruppe
Målgruppa er i hovudsak minoritetsspråklege, men opplæringstilbodet kan òg rettast mot andre målgrupper.

Gjennomføring
Utdanninga er 4-årig, der sluttkompetansen er fagbrev som tømrar. Utdanninga kombinerer teori og praksis frå første skuleår, gjennom at eleven vekslar mellom opplæring i skulen og i bedrift. Opplæringa i skulen er i hovudsak organisert med undervisning på dagtid (08.55 – 15.30), og varierer mellom teoretisk opplæring i fellesfag og programfag kombinert med praksis i verkstad. Praksis/læretid i bedrift følgjer bedrifta sin arbeidstid.

 

På Vilbli.no vil du finne meir informasjon om faga

Har du spørsmål, kan du ta kontakt med rettleiingstenesta ved hjelp av denne lenkja

På Vestland fylkeskommune sine heimesider finn du meir om dette og andre tilbod innan opplæringstilbod for vaksne

 

For å få tilbod om vaksenopplæring / realkompetansevurdering, må du sende søknad via www.vigo.no. Klikk deg inn på “Vaksenopplæring/realkompetansevurdering” og følg instruksjonane du får. Legg inn ønska sluttkompetanse, tidlegare skulegang og praksis. Dersom du ønskjer rettleiing, kryssar du av for dette, og vi kontaktar deg.