Stryn vidaregåande skule/Opplæringstilbod/Helse- og oppvekstfag/Opplæring fram til fagbrev/Omsorgsteknologi i utdanninga

Omsorgsteknologi i utdanninga

Eit framtidsretta utviklingsprosjekt på fagarbeidarnivå

Stryn og Eid vidaregåande skule er godt i gang med sluttplanlegginga og ferdigstillinga av Opplæringsleilegheita ved Stryn vidaregåande skule. Utviklingsprosjektet er svært framtidsretta og unikt på landsbasis, der Velferdsteknologi vert retta mot opplæringa i vidaregåande skule og mot fagarbeidarnivå. Elevane på Vg2 Helsearbeidarfaget i Stryn og Vg3 Dataelektronikarfaget på Eid skal no delta i prosessen med klargjeringa av Opplæringsleilegheita på Stryn vidaregåande skule.

Balansen mellom "Dei varme hendene" og teknologi

I løpet av våren og sommaren har det vore hektisk byggjeaktivitet på Helsefagavdelinga ved Stryn vidaregåande skule. Den nye Opplæringsleilegheita er no klar for innreiing av møblar, utstyr og teknologiske løysingar.  Vi er no inne i fasen der utforming, teknologi, hjelpemidlar,  tilrettelagde og framtidsretta løysingar vert sett i fokus. Gjennom byggjeprosessen og installasjonsplanlegginga har det vore hektisk møteverksemd i arbeidsgruppa mot lokale og regionale leverandørar. Ressurs- og kompetansepersonar har vore nytta og skal nyttast vidare etter behov i klargjering av leilegheita. Parallelt med byggje- og installasjonsprosessen  vert det arbeidd med planar for opplæring til elevane med forankring og implementering i læreplanane.

Sist fredag møttes elevane frå Dataelektronikarfaget på Eid og Helsearbeidarfaget på Stryn vidaregåande skule. Dataelektronikarane skal no i gang med planlegging av installering av teknologien i leilegheita og helsefagelevane skal vere med i brukarprosessen. Samtidig  skal dei skal sette fokus på at teknologien ikkje skal erstatte «Dei varme hendene». Det er svært viktig aspekt i prosjektet å ivareta balansen mellom teknologi og  omsorg.

Forsking viser at dersom velferdsteknologiske løysningar skal få effekt fordrar det opplæring og kompetanseheving både i førekant av og parallelt med innføring av velferdsteknologi.

I planlegginga med opplæringsprosessen vil vi legge vekt på kompetanseheving av lærarar, samarbeid med kommunar, andre utdanningsinstitusjonar, hjelpemiddelsentralen og relevante fagmiljø.

Lengst muleg i eige liv

Opplæringsleilegheita i Stryn har som mål og kunne vise korleis dei som ønskjer å vere lengst muleg i eige liv kan tilpasse og innreie sin eigen bustad. I  Stortingsmelding nr. 29 « Morgondagens omsorg» får vi ein indikasjon på dei utfordringane og det samfunnsansvaret det enkelte lokalsamfunn står overfor når vi skal møte den framtidige omsorgsbrukarar.

I prosjektet arbeider vi mot ei sentral problemstilling;

Korleis kan kommune, lokalsamfunn, næringsliv og skule samarbeide om å møte utfordringane og ta i bruk ressursane hos:

Den nye generasjonen eldre som har:

  • Høgare levealder
  • Betre økonomi
  • Høgare utdanning
  • Høgare teknologisk kompetanse

Yngre brukarar med langvarige kroniske sjukdommar

Brukarar med funksjonshemmingar

Brukarar med psykiske og sosiale vanskar

Opplæringsleilegheita i Stryn vil rette fokus mot opplæring av elevar, lærlingar, tilsette i kommunane, brukarar og pårørande. Teknologisk utstyr og hjelpemidlar, innreiing og installasjonar vil heile tida verte oppdaterte og framtidsretta. Leilegheita vil vere tilgjengeleg for utprøving og visning for aktuelle aktørar både lokalt og regionalt. Parallelt med Opplæringsleilegheita på Helsefagavdelinga ved Stryn vidaregåande skule vil vi og kunne vise eit institusjonsrom med teknologiske løysingar og utstyr. På denne måten ivaretek vi opplæringa til elevane på ulike nivå knytt til kompetansemåla i læreplanen.

Kva resultat ønskjer vi prosjektet kan gi

Eid og Stryn vidaregåande skule, kommunar og næringsliv tek medborgarskap og samfunnsansvar

Kvalitetsheving av fagarbeidaren

Vil kunne skape utviklingsorienterte og samhandlande lokalsamfunn

Brukarane vil kunne ta i bruk eigne ressursar i meistring av eige liv og ta del i fellesskapet

Ny teknologi vert teken i bruk og vil sette fokus på universell utforming av framtidas bustadar

Fleire menn vil finne oppvekst, pleie – og omsorgsyrkene attraktive

Tidleg erfaring og kunnskap kan føre til fleire unge vel utdanning innan oppvekst, pleie- og omsorg og ønskjer å bu og arbeide i Nordfjord og Sogn og Fjordane

Tips ein ven Skriv ut

Kontakt

Johanne Elisabett Sørdal
Avdelingsleiar yrkesfag
Stryn vidaregåande skule
917 24 301
 
Ove Lillestøl
Utdanningsleiar yrkesfag
Eid vidaregåande skule
415 30 811