Stryn vidaregåande skule

Opplæringstilbodet skuleåret 2014-15


Hovudutvalet for opplæring har i dag avgjort kva utdanningsprogram, og kor mange grupper, som startar opp på dei vidaregåande skulane til hausten.
Til saman har 4207 søkt om skuleplass i vidaregåande opplæring i Sogn og Fjordane neste skuleår.

Hovudutvalet for opplæring vedtok slike justeringar av det opphavleg utlyste tilbodet (sak 34/13):

Det utlyste tilbodet ved Sogndal vidaregåande skule vert endra slik:

  • Vidaregåande trinn 2 kokk- og servitør vert ikkje sett i gang (ei gruppe var lyst ut)
  • Vidaregåande trinn 3 idrettsfag vert redusert frå to til ei gruppe
  • Vidaregåande trinn 2 helsearbeidarfag vert auka frå ei til to grupper

Det utlyste tilbodet ved Flora vidaregåande skule vert endra slik:

  • Vidaregåande trinn 1 bygg- og anleggsteknikk vert redusert frå tre til to grupper
  • Vidaregåande trinn 1 helse- og oppvekstfag vert redusert frå tre til to grupper
  • Vidaregåande trinn 1 studiespesialisering vert auka frå to til tre grupper

Det utlyste tilbodet ved Mo og Øyrane vidaregåande skule vert endra slik:

  • Vidaregåande trinn 2 helseservicefag vert ikkje sett i gang (ei halv gruppe var lyst ut)
  • Vidaregåande trinn 2 helsearbeidarfag vert redusert frå tre til to grupper
  • Vidaregåande trinn 1 helse- og oppvekstfag vert auka frå tre til fire grupper

Det utlyste tilbodet ved Eid vidaregåande skule vert endra slik:

  • Vidaregåande trinn 2 interiør og utstillingsdesign vert redusert frå to til ei gruppe
  • Vidaregåande trinn 1 studiespesialisering - formgjevingsfag vert ikkje sett i gang (ei gruppe var lyst ut)
  • Vidaregåande trinn 1 studiespesialisering vert auka frå to til tre grupper

Det at eit tilbod ikkje kjem i gang komande skuleår, betyr det ikkje at det vert lagt ned. Hovudutvalet skal vurdere tilbodet på nytt i når dei skal vedta opplæringstilbodet for neste skuleår i november.

Fylkesdirektøren for opplæring får også fullmakt til å disponere ei gruppe etter første inntak.

Konsekvensar for dei tilsette
Sjølv om det no er klart kva opplæringstilbod dei ulike skulane får frå hausten av, er det enno ikkje klart kva konsekvensar dette får for dei tilsette ved skulane.

No når opplæringstilbodet er endeleg, vil fylkesdirektøren i vekene som kjem arbeide med å få oversikt over kva stillingar som trengst ved dei enkelte skulane. Arbeidet blir påverka av fordelinga av midlane til spesialpedagogikk. Etter at ein vesentleg del av desse midlane er fordelte 1. april, vil ein få meir oversikt over personalsituasjonen på dei vidaregåande skulane.

Les heile den politiske saka
8/14 – Justering av opplæringstilbodet 2014–2015

For meir informasjon
Bekka Skaasheim
fylkesdirektør for opplæring
tlf. 57 65 62 10 / 415 30 956
e-post: bekka.skaasheim@sfj.no



Publisert av: Birthe Johanne Finstad
Dato: 25. mars 2014 - kl. 13:54
Tips ein ven Skriv ut