Stryn vidaregåande skule/Om oss/Organisasjon
Elevar ute på Kåre Rosethsplass

Foto: Stryn vidaregåande skule

Organisasjonen

Stryn vidaregåande skule er ein av dei tolv vidaregåande skulane i Sogn og Fjordane fylkeskommune.

Stryn vidaregåande skule

Stryn vidaregåande skule ligg midt i sentrum i tettstaden Stryn innerst i Nordfjord. Skulen har om lag 300 elevar og 63 tilsette.

Stryn vidaregåande skule er ein kombinert skule med utdanningar innan Bygg- og anleggsteknikk, Helse- og oppvekstfag, Service og samferdsel, Studiespesialisering,  Studiespesialisering med idrett og Teknikk- og industriell produksjon. Skulen er moderne og framtidsretta med velutstyrte undervisningslokale

Stryn vidaregåande skule har lange tradisjonar knytt til samarbeid med lokalt arbeids- og næringsliv. Det er derfor svært naturleg å nytte ulike arenaer i opplæringa til elevane for å knytte saman teori og praksis.  På denne måten imøtekjem skulen næringslivet sitt behov lærlingar og faglært arbeidskraft.

 
 
 

 

 

Tips ein ven Skriv ut