Stryn vidaregåande skule/Elev og føresett/Elevtenester/Støtte og rådgjeving/Pedagogisk psykologisk teneste (PPT)

Pedagogisk-psykologisk teneste (PP-tenesta)

Alle som har tilknyting til vidaregåande opplæring – elevar, lærlingar, lærekandidatar, foreldre, lærarar, faglege leiarar – kan ta kontakt med PP-tenesta og søkje hjelp der.

Pedagogisk-psykologisk teneste (PP-tenesta)

 PP-tenesta gir råd og rettleiing om problem av både personleg, sosial og fagleg karakter.

Rådgivarane i PP-tenesta har teieplikt. Det som blir sagt, blir ikkje sagt vidare utan at det er gitt løyve til det. Når du er einig, samarbeider PP-tenesta med familien din, skolen eller andre instansar, til dømes helse- og sosialetaten, NAV-kontoret og oppfølgingstenesta.

PP-tenesta står vanlegvis for den sakkunnige vurderinga dersom du har rett til spesialundervisning, har behov for spesiell tilrettelegging av opplæringa eller tilrettelegging av prøvar og eksamenar.

Rådgivingstenesta ved dei vidaregåande skolane hjelper deg å komme i kontakt med PP-tenesta i fylket ditt.

Utviklingsplan for Pedagogisk-psykologisk teneste for vidaregåande opplæring 2014–2017

Kort om arbeidsoppgåvene til PP-tenesta:

* Testing, oppfylgjing, rapportskriving
* Rettleiing/rådgjeving
* Kurs/føredrag
* Individuelle samtalar
* Samarbeid omkring tiltak/skulegong
* Samarbeid med andre instansar som helsesøster, barnevern, BUP etc


PPT er sakkunnig instans i samband med til dømes innsøking til vidaregåande opplæring. Dei tilsette i PPT har teieplikt og yter hjelp under førestnad av at de/du ynskjer og samtykkjer til det.

 

 

 

Tips ein ven Skriv ut

Kontakt

Tonningsgata 4
6783 Stryn
57 87 47 01