Stryn vidaregåande skule

Praksisnær læring


Elevar og lærarar på VG2 Reiseliv og Sal, service og sikkerheit var på Hakallegarden i Vanylven i går.
Konseptet Hakallegarden, vegen dit og visjonar for framtida stod på den faglege agendaen.
Det vart ein skuledag utanom det vanlege.....

hh

hh

Vi hadde ein heilt fantastisk dag på Hakallegarden i går!

Innehavar Aina, gav oss ei oppleving som samtlege som var til stades, aldri vil gløyme.

Med ei levande og flott omvising heldt ho opent Hakallagarden kun for oss og fortalte om det fantastiske konseptet det er, vegen dit og visjonar for framtida.

Vi fekk vere med på og hente både sauer, esel og hestar, helse på lamaer og alpakka.

Bukke-Lars, papegøya Jakob, ​alle kattungane, Hunden Bamse, grisane og alle dei andre dyra som gjekk fritt rundt oss.

h

Vi fekk og ei flott omvising innandørs.

På slutten av dagen diska dei opp med ein nydeleg hamburgar av skotsk høglandfe med agurk og tomat frå ordføraren sin hage, rett og slett nydeleg.

Lunsjen åt vi ute under knallblå himmel og sol, med andre ord ei magisk oppleving.

Dagen vart avslutta med ein lattermild traktortur. :-)

Vi har rett og slett storkost oss. :-)

Les meir om Hakallegarden

Oddny-Kristin

faglærar

Tips ein ven Skriv ut