Stryn vidaregåande skule

Praksisnær og dagsaktuell kunnskap


Elevane på VG2 Sal, service og sikkerheit fekk ei spennande og lærerik undervisningsøkt sist fredag.

Odd Kjetil Tonning frå Sparebanken Sogn og Fjordane tok med elevane gjennom banken sine prosedyrar, sikkerheitssystem, risikovurdering og tiltak knytt til uforutsette hendingar.

sp

Fredag 17.10.14 hadde vi besøk av Odd Kjetil Tonning som tok føre seg tryggleiken i ein bank.
Han starta med å fortelja oss om dei ymse jobbane som banken har og kor store karrieremoglegheiter det finnes for dei som er interessert i å finne seg arbeid i dette feltet.

sp

Dette var innleiinga på føredraget hans før han sette fokus på tryggleik som han hadde fått i oppdrag frå Petter om å fortelja om. Han gjekk gjennom det systematiske tryggleiksarbeidet som skulle ta vare på dei tilsette når det gjaldt HMS. Deretter tok han føre seg alt innan risikovurdering og kor sannsynleg dei ymse hendingane kunne vere og kva konsekvensar dette kunne få om det hende. Han viste oss dømer på trusselbilde og kva tiltak (handlingsplan) dei hadde om noko skulle skje i banklokalet. Odd Kjetil framførde og gav oss innsyn i tryggleiksarbeidet i bank på ein god og lærerik måte

sp

Elevane sat att med kunnskap som er viktige når dei skal ut i praksis på dei ymse arbeidsplassane. Vi takkar han for økta han hadde hos oss og ønskjer han velkommen tilbake ei anna gong.
Tekst : Petter Løvdahl
.