Stryn vidaregåande skule

Prosjekt Velferdsteknologi i utdanninga

Prosjekt Velferdsteknologi i utdanninga
- Morgondagens helsefagarbeidar-
Stryn og Eid vidaregåande skule er i godt i gang med eit spennande og framtidsretta samarbeidsprosjekt. Prosjektet er eit delprosjekt i eit større samarbeid mellom ulike aktørar ikkje berre i Sogn og Fjordane, men og i resten av landet.
Prosjektet er knytt opp mot Stortingsmelding nr. 29 « Morgondagens omsorg». Stortingsmeldinga gir oss ein indikasjon på utfordringane det enkelte lokalsamfunn står over for når vi skal møte den framtidas omsorgsbrukarar.
Stortingsmelding nr. 29 har tre hovudmål:
* Få kunnskap om, leite fram, mobilisere og ta i bruk lokalsamfunna sine samla omsorgsressursar på nye måtar
* Utvikle nye omsorgsformer gjennom ny teknologi, ny kunnskap, nye faglege metoder og endringar av organisatoriske og fysiske rammer
* Støtte og styrke kommunane sitt forskings-, innovasjons- og utviklingsarbeid på omsorgsfeltet
Ei sentral problemstilling i posjektet vert følgjande:
Korleis kan kommune, lokalsamfunn, næringsliv og skule samarbeide om å møte utfordringane og ta i bruk ressursane hos:
* Den nye generasjonen eldre som har:
Høgare levealder
Betre økonomi
Høgare utdanning
Høgare teknologisk kompetanse
* Yngre brukarar med langvarige kroniske sjukdommar
* Brukarar med funksjonshemmingar
* Brukarar med psykiske og sosiale vanskar
Korleis vil Stryn og Eid vidaregåande skule samarbeide med prosjektet
- Bygge Opplæringsleilegheit i Stryn
- Samarbeid mellom Helse- og oppvekstfag, Elektrofag, kommunar, lokalsamfunn og
næringsliv
- Omarbeide og implementere velferdsteknologi i Felles Progamfag og Prosjekt til
fordjuping
- Opplæring til elevar, lærlingar, tilsette i kommunane, brukarar og pårørande
- Studieturar og konferanser