Stryn vidaregåande skule

Rådgiving og karriererettleiing ved Stryn vidaregåande skule


Informasjon rådgiving

Torild Mikalsen Nedreberg
Telefon: 57 83 48 15
Mobil: 415 30 790
Jon Kåre Blakset
Telefon: 57 83 48 15
Mobil: 415 30 795
KONTORTID
Mandag: kl. 10.20 - 15.30
Tirsdag: kl. 10.30 - 15.30

Onsdag: kl.10.30 - 11.50
kl 14.00 - 15.30
KONTORTID:
Onsdag: kl. 08.55 - 11.50
Torsdag: kl. 08.55 - 15.30
Fredag: kl. 08.55 - 13.30

Generelt om retten til rådgiving

Den enkelte elev har rett til to ulike former for nødvendig rådgiving: sosialpedagogisk rådgiving og utdannings- og yrkesrådgiving.
Tilbodet skal vere kjent for elevar og føresette, og vere tilgjengeleg for elevane ved den enkelte skule.
- informere om rådgivartenesta i klassane
- delta på informasjonsmøte om skulen
- kontakt med foreldre og føresette i samarbeid med kontaktlærar
- samarbeid med rådgivarane på ungdomsskulen
- ansvarleg for planlegging, gjennomføring og evaluering av hospitering i faget Utdanningsval og Arbeidslivsfaget


§ 22-3. Utdannings- og yrkesrådgiving
Den enkelte elev har rett til rådgiving om utdanning, yrkestilbod og yrkesval.
Rådgiving og rettleiing som er knytt til val av yrke og utdanning
-Oppdatert informasjon om utdanningsvegar i Norge og andre land
- Oppdatert informasjon om yrkesområde og arbeidsmarknaden lokalt, nasjonalt og internasjonalt
- Opplæring i å finne og orientere seg i informasjon og i bruk av rettleiingsverktøy
- Informasjon om søknadsfristar, inntaksvilkår og finansieringsordningar
- Opplæring og rettleiing om jobbsøking og andre søknadsprosedyrar.


§ 22-2. Sosialpedagogisk rådgiving
Den enkelte elev har rett til nødvendig rådgiving om sosiale spørsmål. Formålet med den sosialpedagogiske rådgivinga er å medverke til at den enkelte eleven finn seg til rette i opplæringa og hjelpe eleven med personlege, sosiale og emosjonelle vanskar som kan ha noko å seie for opplæringa og for eleven sine sosiale forhold på skolen.

- Klarleggje problem og omfanget av desse
- Kartleggje kva skulen kan medverke til, og om det er behov for hjelpeinstansar utanom skulen
- Rettleie elevar med tanke på feilval og fråfallsproblematikk

yrke

NYTTIGE LENKJER;

Vidaregåande skular i Sogn og Fjordane

Samordna opptak

Studieguiden

Utdanning i Forsvaret

STUDENTUM

ANSA

Vil.bli

Utdanning


Rådgjevarane samarbeider og med mange andre grupper/personar:

  • Opplærings-, utviklings- og informasjonsleiar
  • Kontakt- og faglærarar
  • NAV
  • Helsesøster
  • Spesialpedagogisk koordinator ( stilling på skulen)
  • Rådgjevarar ved ungdomsskulane
  • Miljøkoordinator ( stilling ved skulen)
  • Hybelformidling
  • PPT
  • OT

Vi er og med i ein del team:

  • Tverrfagleg forum (kommune og politi)
  • Informasjonsteam på skulen
  • Team for skulen si samfunnsrolle

I samband med utdanning/yrke har vi mykje kontakt med bl.a. universitet/høgskular, Lånekassa, forsvaret og opplæringskontora for yrkesfag.

Nyttig tips:
Ikkje vent med å ta kontakt viss du treng hjelp. Du kan snakke med faglærar, kontaktlærar, rådgjevar eller andre.

Foreldre/føresette:
Rådgjevarane håpar at de tek kontakt med skulen så snart råd er viss det er noko vi kan hjelpe til med. Samarbeid med heimen ser vi på som særs viktig.