Stryn vidaregåande skule/Elev og føresett/Elevtenester/Støtte og rådgjeving/Rådgjeving

Rådgiving

 Den enkelte elev har rett til to ulike former for nødvendig rådgiving: sosialpedagogisk rådgiving og utdannings- og yrkesrådgiving.

Generelt om rådgiving

Tilbodet skal vere kjent for elevar og føresette, og vere tilgjengeleg for elevane ved den enkelte skule.
  • informere om rådgivartenesta i klassane
  • delta på informasjonsmøte om skulen
  • kontakt med foreldre og føresette i samarbeid med kontaktlærar
  • samarbeid med rådgivarane på ungdomsskulen
  • ansvarleg for planlegging, gjennomføring og evaluering av hospitering i faget  Utdanningsval og Arbeidslivsfaget

§ 22-3. Utdannings- og yrkesrådgiving

Den enkelte elev har rett til rådgiving om utdanning, yrkestilbod og yrkesval. 
Rådgiving og rettleiing som er knytt til val av yrke og utdanning

  • Oppdatert informasjon om utdanningsvegar i Norge og andre land 
  • Oppdatert informasjon om yrkesområde og arbeidsmarknaden lokalt, nasjonalt og internasjonalt
  • Opplæring i å finne og orientere seg i informasjon og i bruk av rettleiingsverktøy
  • Informasjon om søknadsfristar, inntaksvilkår og finansieringsordningar
  • Opplæring og rettleiing om jobbsøking og andre søknadsprosedyrar.

§ 22-2. Sosialpedagogisk rådgiving

Den enkelte elev har rett til nødvendig rådgiving om sosiale spørsmål. Formålet med den sosialpedagogiske rådgivinga er å medverke til at den enkelte elev finn seg til rette i opplæringa og hjelpe eleven med personlege, sosiale og emosjonelle vanskar som kan ha noko å seie for opplæringa og for eleven sine sosiale forhold på skolen.

  • Klarleggje problem og omfanget av desse 
  • Kartleggje kva skulen kan medverke til, og om det er behov for hjelpeinstansar utanom  skulen
  • Rettleie elevar med tanke på feilval og fråfallsproblematikk

 

 

 

Tips ein ven Skriv ut

Kontakt

Liv Elisabet Rygg
Rådgivar
liv.elisabet.rygg@sfj.no
415 00 731
 
 
Anne Serine Heggdal
Rådgivar
anne.serine.heggdal@sfj.no  
994 35 820
 
 

Therese Dispen
Miljøkoordinator
therese.dispen@sfj.no
415 30 797

Relaterte lenker