Stryn vidaregåande skule
Heimeskule januar

Raudt nivå for vidaregåande skular Vestland

Vestland fylkeskommune følgjer regjeringa si tilråding og set no alle vidaregåande skular i Vestland på raudt nivå frå i morgon. Det betyr at alle elevane i Vestland skal ha heimeskule mandag 4. januar.

 RAUDT NIVÅ: Alle elevane i Vestland skal ha heimeskule måndag 4. januar, og dei vil få beskjed frå skulen sin når dei kan møte opp til fysisk undervisning att. 

Mange skular treng nokre dagar for å setje i verk dei nye smitteverntiltaka. Elevane vil få beskjed frå skulen når dei skal møte opp på skulen fysisk.

Ingen skular er stengde    

– Vi stenger ingen vidaregåande skular, men raudt nivå inneber at vi må ha større avstand enn på gult nivå. Nokre skular treng litt tid for å planlegge for dette, slik at elevane vil få beskjed frå skulen når dei skal møte fysisk. Dei vil òg få ein plan for den vidare undervisninga for dei neste to vekene, seier fylkesdirektør for opplæring og kompetanse, Bjørn Lyngedal.

Fylkesadministrasjonsbygga er stengte

Tilsette ved fylkesadministrasjonen på Sandsli, Leikanger og Førde, i tillegg til tilsette ved Bybanen utbygging, skal ha heimekontor frå måndag 4. januar og i to veker.

Vestland fylkeskommune følgjer dermed opp tilrådinga frå regjeringa om heimekontor for alle som har moglegheit for dette. Det betyr òg at fylkesadministrasjonsbygga blir stengde for besøkande. Sentralbordet blir betjent som normalt i opningstida.

For tannklinikkane våre går drifta som tidlegare, men fylkestannlegen vurderer kontinuerleg situasjonen og behov for tiltak eller justeringar i drifta.

Nyttårsmøtet 2021 blir heildigitalt

Tysdag 5. januar skulle fylkesordførar Jon Askeland og fylkesvaraordførar Natalia Golis ha Nyttårsmøtet 2021 på Voss, som eit kombinert fysisk og digitalt møte. Det går no som eit heildigitalt møte, og lenka til nett-tv blir publisert på nettsidene våre.