Stryn vidaregåande skule/Opplæringstilbod/Service og samferdsel/Dei ulike yrka/Reiselivsfaget

Reiselivsmedarbeidar med fagbrev

Aktuelle arbeidsstader

Ein reiselivsmedarbeidar kan arbeide innanfor ei rekkje verksemder, til dømes reise- og bookingbyrå, turoperatørar, turistkontor, jernbaneselskap, event- og attraksjonsbedrifter og ferjereiarlag.

Sentrale arbeidsoppgåver

Sentrale arbeidsområde er

  • kunde-/gjestebehandling
  • rådgiving og rettleiing om reiser og reisemål
  • planleggjing og gjennomføring av aktiviteter og opplevingar
  • bruk av informasjonsteknologi som sals- og støtteverktøy
  • bruk av søkjemotorar og bookingsystem
  • reservasjon og billettering
  • marknadsføring og salsarbeid

Personlege eigenskapar

Du må kunne arbeide sjølvstendig, planmessig og effektivt, ofte i høgt tempo. Reiselivsmedarbeidaren må kunne kommunisere og samhandle med menneske frå ulike kulturar og yte god service. Du må ha gode språkkunnskapar, kulturforståing, geografiske kunnskapar og sosial dugleik.

Tips ein ven Skriv ut