Stryn vidaregåande skule
Skuleval i Stryn  Foto: Stryn vgs

Skuleval i Stryn Foto: Stryn vgs

Resultat skuleval

Arbeidarpartiet vart vinnaren av årets skuleval i Stryn, med Senterpartiet på andreplass.

Elevane i faget Politikk og menneskerettar på vg3 arrangerte skuleval førre torsdag. Vi fekk dessverre ikkje halde ungdomspolitisk skuledebatt denne gongen, men elevane vart oppmoda om å sjekke partitilhøyrigheit på dei forskjellige "valomatane" på nettet.

Resultatet etter valet viste at Arbeidarpartiet fekk 29,27 % av røystene. Også på landsplan var AP vinnar, her med 23,3 %.

Senterpartiet fekk 20 % i Stryn, nasjonalt resultat var 8 % og 6. plass.

På tredjeplass kom Frp med 13,17 %, nasjonalt vart det andreplass med 13,9 %.

 

Her er komplett oversikt etter valet på Stryn vgs:

Valresultat Stryn vgs