Stryn vidaregåande skule

Rett til VG4 påbygging til generell studiekompetanse etter bestått fag- og yrkesopplæring


Alle som har bestått fag- eller yrkeskompetanse i 2014 eller seinare har denne retten, ein rett dei må ta ut innan det året dei fyller 24 år.
Søkjarar til VG4 påbygging konkurrerer ikkje på VG2 karakterane, men har rett til reservert plass!

Rett til VG4 påbygging til generell studiekompetanse etter bestått fag- og yrkesopplæring
Opplæringslova §3-1 er ved verknad frå 1.8.2014 utvida med nytt ledd:
Den som har fullført og bestått fag- og yrkesopplæring som ein del av ungdomsretten etter første ledd, har etter søknad rett til eitt års påbygging til generell studiekompetanse. Det same gjeld andre som har fullført og bestått fag- og yrkesopplæring innan utgangen av det året dei fyller 24 år. Retten gjeld dei som har fullført og bestått fag- og yrkesopplæring i 2014, eller seinare. Retten kan takast ut når som helst innan utgangen av det året vedkommande fyller 24 år. Lovføresegna i tredje ledd om at retten må takast ut i løpet av ein samanhengande periode på fem, alternativt seks år, gjeld ikkje her.
Det betyr at søkjarar som har bestått fag- og yrkesopplæringa har rett på eit tilbod som gjev studiekompetanse. Dei konkurrerer ikkje på karakterane frå vg2 yrkesfag. Tilbodet er eit vg4, og søkjarane skal ha utvida ungdomsrett. Fordi dei har avlagt fag/yrkeskompetanse er det krav om opplæring i 23 t/v i staden for 30 t/v i ordinært vg3 påbygging til generell studiekompetanse.
Alle som har bestått fag- eller yrkeskompetanse i 2014 eller seinare har denne retten, ein rett dei må ta ut innan det året dei fyller 24 år. Sidan denne gruppa søkjarar til påbygging til studiekompetanse ikkje konkurrerer på vg2 karakterane, men har rett til tilbod, må dei få reservert plass.