Stryn vidaregåande skule

Runar Walaker på landslaget


Runar Walaker synes det ein draum å få kome med på landslaget. Runar er elev ved Idrettsfag på Stryn vidaregåande skule, og spelar på Stryn sitt 3. divisjonslag for herrar i tillegg til G 17-20.
Vi er stolte av Runar og gir ein ekstra skryt til lærar Oddny Grete Njøten!

Handballspelaren Runar Walaker frå Stryn er innkalla til landslagssamling på Hamar og landskamper mot Frankrike 1.-6. april for LM 96 (landslag menn 96).
Walaker er elev ved Stryn vidaregåande skule si idrettslinje, og spelar på Stryn sitt 3. divisjonslag for herrar i tillegg til G 17-20.

Rune W

- Det er jo ein draum å få kome med på landslagssamling. Det gjev eit ekstra kick å sjå at det du driv med har noko føre seg. Men det er sjølvsagt knallhardt, så eg må jobbe, seier Runar Walaker.
Han byrja å spele handball i 3. klasse, og har hatt Johnny Hove, Tore-Geir Aaland og Gunnar Lindahl som trenarar. Walaker skryt av handballen i Stryn med sitt gode treniningsmiljø.
- Vi er sjølvsagt veldig stolte. Dette er så vidt eg veit første gongen ein gutespelar frå Sogn og Fjordane er teken ut til landslagssamling, seier dagleg leiar i Stryn Handball, Eli Kroken.
LM 96 tok i 2013 sølv i Ungdoms-OL.
- I troppen er det spelarar frå storklubbar som Follo, Bækkelaget, Falk, Fjellhammer, Drammen og Bodø, så det er stas å vere frå Stryn og vere teken ut, seier Runar Walaker.
Tekst og foto: Gunhild Sindre, Fjordingen
Tips ein ven Skriv ut