Stryn vidaregåande skule/Opplæringstilbod/Sal, service og reiseliv
Illustrasjon Sogn og Fjordane

Illustrasjon Sogn og Fjordane

Sal, service og reiseliv

Nye læreplanar for sal, service og reiseliv

Denne læreplanen vil gjelde for elevar som begynner på Vg1 hausten 2020.
Les meir om når læreplanane i fagfornyinga blir fastsette:
www.udir.no/laring-og-trivsel/lareplanverket/fagfornyelsen

På utdanningsprogrammet Sal,service og reiseliv tilbyr Stryn vidaregåande skule følgjande programområde 

 Vg1 Sal, service og reiseliv                                   frå skuleåret 2020-21             Vg2 Sal og reiseliv                   frå skuleåret 2021- 22                                          Fordjupingsfag: Salsfaget og reiselivsfaget      
 

Vg2 Sal og sikkerheit                            Andre vidaregåande skular i Vestland                              

 

Fordjupingsfag Vektar, kontor- og administrasjon, resepsjonsfaget 

 

Dersom du vel Sal, service og reiseliv kan du være sikker på ei trygg og allsidig utdanning som opnar for ei rekkje spennande karrieremulegheiter. 

Yrkesfagleg opplæring fører fram til eit yrke og gjev yrkeskompetanse med eller utan fag- eller sveinebrev. Du kan gå ut i yrkeslivet etter 3-5 år, eller du kan ta vidare utdanning, t.d. ved fagskule eller høgskule. Du kan også ta påbygging til generell studiekompetanse før eller etter fagbrevet,  om du vil studere vidare ved høgskule eller universitet.

Éin ting er sikkert

Valet du snart skal ta vil få stor innverknad på utdanninga di, og ikkje minst på kva du kjem til å arbeide med som yrkesaktiv i åra framover. Dersom du vel Sal, service og reiseliv kan du være sikker på ei trygg og allsidig utdanning som opnar for ei rekke spennande karrieremulegheiter.

Verda er stor

Vg1 Sal, service og reiseliv gir deg ein smakebit innanfor heile 5 yrke. Yrke der kommunikasjon og tillit står i høgsetet. Enten du er vektar eller seljar, arbeider i resepsjon eller med reiseliv. Evna til å kommunisere med menneske – også frå andre kulturar – er viktig å tileigne seg. Med Sal, service og reiselivl skaper du deg ein brei horisont og tilpassar deg krav som ikkje berre vert stilt i Norge, men som gjer deg attraktiv i heile Europa.
Utdanningsprogrammet er lagt opp til at du sjølv vel den vegen mens du går. I løpet av  Vg1 får du ein smakebit på 5 yrke. På Vg2 kan du velge retning, og på Vg3 spesialiserer du deg. Slik unngår du å hoppe i noko du ikkje riktig veit kva er, og du kan være sikker på å ende opp som en spesialist i ditt fagområde etter fullført utdanning.

Les meir om Service og samferdsel og mulegheiter for yrkesvegar og vidare utdanning på vilbli.no: sal, service og reiseliv

Kontakt

Marit Løvøy Gascogne
Avdelingsleiar yrkesfag
marit.lovoy.gascogne@vlfk.no
480 66 029