Stryn vidaregåande skule

Service og samferdsel

Service og samferdsel
Éin ting er sikkert:
Valet du snart skal ta vil få stor innverknad på utdanninga di, og ikkje minst på kva du kjem til å arbeide med som yrkesaktiv i åra framover. Dersom du vel VG1 Service og samferdsel kan du være sikker på ein trygg og allsidig utdanning som opnar for ei rekke spennande karrieremulegheiter.

ss
ss
Verda er stor.
VG1 Service og samferdsel gir deg ein smakebit innanfor heile 8 yrke. Yrke der kommunikasjon og tillit står i høgsetet. Enten du er vektar eller seljar, arbeider med IKT eller med logistikk. Evna til å kommunisere med menneske – også frå andre kulturar – er viktig å tileigne seg. Med Service og samferdsel skaper du deg ein brei horisont og til-passar deg krav som ikkje berre vert stilt i Norge, men som gjer deg attraktiv i heile Europa.

Studiet er lagt opp til at du sjøl vel den vegen mens du går. I løpet av VG1 får du ein smakebit på 8 yrke. På VG2 kan du velge retning, og på VG3 spesialiserer du deg. Slik unngår du å hoppe i noko du ikkje riktig veit kva er, og du kan være sikker på å ende opp som en spesialist i ditt fagområde etter fullført utdanning.
ss
Næringslivet og forbrukarane stiller stadig aukande krav til effektiv, sikker og miljøvennleg flytting av menneske, leveranse av varer og tenester. Opplæringa innan Service og samferdsel skal bidra til uvikling av kompetanse som støtter desse krava, til beste for næringslivet, forbrukarane og samfunnet.
I opplæringa skal elevane møte fleire av krava som vert stilte til profesjonell yrkesutøving på eit grunnleggjande nivå. Opplæringa skal bidra til å utvikle ferdigheiter i bruk av analyseteknikkar for å foreta avgjerder ved bedriftsetablering, og ved utøving av arbeidsfunksjonar i eksisterande verksemder. Opplæringa skal legge til rette for samarbeid, sjølvstendig arbeid og praktisk bruk av kunnskap.

ss

Presentasjon Service og samferdsle


Tips ein ven Skriv ut