telefon vaksne

Servicetelefon for vaksne

Alle vaksne som ynskjer rettleiing eller informasjon om desse spørsmåla, må ringe tlf. 404 30 100, opningstid måndag – torsdag kl. 12.00 – 14.00. Her vil ein få svar på spørsmål og rettleiing vidare.

Måndag 17. september opnar Sogn og Fjordane fylkeskommune servicetelefon for vaksne over 25 år. Tenesta er for vaksne som ynskjer rettleiing om vidaregåande opplæring for vaksne, praksiskandidatordninga, fagbrev for vaksne, karriererettleiing, godkjenning av tidlegare og utanlandsk utdanning og realkompetansevurdering.

 

Dersom ein ynskjer kontakt utanom opningstidene, kan ein nytte e-post vaksen@sfj.no

 

Meir informasjon

Tips ein ven Skriv ut